Thingvali.

Thingvali. Thingvalet fyr Borgesysla skal haldast i Moss Torsdag den 19de Aug., og Valet fyr Romsdalsfylket, som gjernast hev voret det fyrste, er i Aar sett til Laurdagen den 13 Septbr. i Molde. Ein Innsendar i Dagbladet tek Ordet fyr aa velja uppatt fraa Vest-Upplandi N. Thune ved Sida av Jørgensen-Veum, og attaat desse vil han ha valt Jens Strande, Klokkar Ødegaard og Thomas Jørstad elder Ole Mo elder Hvamstad. I Dagsposten vert fyreslegjet Nils Melhus som Thingmann fraa Sydre Throndheims Fylke; han segjest vera baade frilynd, upplyst og folkekjær, Formann i mest kvart einaste Tillitseverk i Bygdi. Det kann turvast, at Sydre Throndheim fær ein dugande Mann paa Thinget ein Gong, det og. Fut Sørensen lyser i Moss Tilsk., at han ikkje vil veljast uppatt. Til Thingmenn fraa Nordland vert i Dagbl. fyreslegjet: S. Nielsen, Havig, Arctander, Seljelid og A. P. Alsgaard, Ordførar i Vefsn. I Raumsdalen arbeider etter Romsdals Budstikke Hr. F. Svendsen, Utsending fraa den indre Mission, paa harde Taket fyr aa hindra Uppattval av DHrr. Olafsen og Dahl; han preikar: kast framfyr alt desse tvo ved Valet. I Dagsposten vert fyreslegjet som Tingmenn fraa Nørdre Trondheim Qvam, Welde, Bentsen og H. Foosnæs. I Stjørdalen vil dei derimot ikkje ha valt Bentsen.