Tilsvar til Hr. Svein um Thingvalet i Nedenæs; - Thingvalet i Brattsberg.

 
Takk fyr Møtet! Det er gjildt aa hava ein Motstandar, som ein daa i Grunntanken kann vera samd med. Det er ikkje mi Meining, at Herrarne Hansen og Fløystad ikkje er duglege og dertil sjølvstendige nok til Thingmenn; jau det er dei so visst! Eg hev litt Kjennskap baade til Hansen og til Fløystad. Men det er naar det kjem paa Tale um Samanlikning millom desse Herrar og Hr. Høgskulelærar Ullmann, um dei daa kann standa seg. Eg trur, at Fløystad og Hansen i mange Saker kann vera likso dugande som Ullmann; men det er naar det gjeld dei store Merkesaker, at det spyrst um. Dessutan lyt me minnast, at Merkesmannan, Johan Sverdrup, tek til aa eldast som Thingmann, og at det difyr gjeld aa faa fram Menn, som under hans Merke kann liksom lærast upp, so dei sidan ein Gong, naar me misser honom, kann vera god-til aa taka hans Arbeid upp. Og her trur eg at Ullmann med sitt kvasse Vit og sine store Talegaavur kunde vera ein god Mann aa hava. Han, og Jakob Sverdrup, og Kvam, og Dahl, og Arvesen og ymse andre, torde alle vera Menn, som Landsbygderne gjorde væl i aa faa inn i Thinget. Dei kunde i dei store Spursmaal gjera stort Gagn og standa som Merkesmenn fyr den norske Bonde-Repræsentationen. I mindre, praktiske Spursmaal kann andre vera likso gode, og betre; men i Storsaker krevst det baade den djupaste Kunnskap og det vidaste Syn.
           
At me øydelagde Skulen, naar me tok Ullmann til Thingmann, det trur eg ikkje. Tvertimot: naar Ein fekk sjaa Ullmanns Thingferd, so torde det henda, at Folk fekk meir Vit paa, kvat Mann han er, og at daa dei same, som no negtar honom Amtstilskot, daa vilde koma paa andre Tankar. Dei fekk daa sjaa um dei ikkje saag det fyrr -, at det ikkje er fyr seg sjølv, han arbeider, men at det er Folkebaten, som ligg honom paa Hjartat. At Skule-Yrkjet skulde vera Grunn til aa halda honom burte fraa Thinget, synest reint forunderlegt. Ein fær taka Dugleiken der han er aa finna, og kor gjerna Ein gjeng med paa, at Høgskule-Arbeidet er eit stort og ædelt Arbeid, tor eg daa standa paa, at Thing-Yrkjet hev endaa større Vigt og Slagvidd, so der treng me fyrst og fremst vaare beste Menn. Eg held det daa og fyr sjølvsagt, at Ullmann, um han vart vald, vilde vita aa faa ein dugande Mann i Staden sin paa Skulen. Ein annan Ting er det, um Ullmann ikkje skulde hava so stor Tiltru her i Fylket, at det kunde vera Raad aa faa honom fram. Eg trur hellest det, at ein av DHrr. Hansen elder Fløystad bør verta valde kor som er.
           
Naar eg i fyrre Stykket mitt umtalad Holms seinste Thingferd, so er det no ikkje just dermed sagt, at eg vil hava Holm til Thingmann; men eg synest, at naar det ikkje er annat enn godt aa segja um ein Manns Røysting, so bør han helder ikkje høyra illt; for det er berre i den store Merkesaki Riksraadarne inn i Thinget, at han hev røystat imot, - hellest likad eg honom ikkje i Røysterettssaki helder -; men for Resten er Holm likso mannsleg i si Røysting som Hr. Lindstøl. Igland hev no som fyrr voret lite framme; han fær væl slutta no. Etter det her sagde vilde min Røystesetel koma til aa lyda som so:
 
1.      Lindstøl. 2. Liestøl. 3. Ullmann. 4. Fløystad.
 
Varamenn: 1. T. Hansen. 2. Holm. 3. Amtsskulelærar I. Lauvland (um han er røysterettug). 4. Knut O. Voie, Vegardsheidi (likeso).
                                   
 
Tilslutt eit Par Ord til Thelarne att!
Det gjer meg og mange vondt aa sjaa den uvyrdne Maaten, de fer fram paa no i Thingvalssaki. Aa kasta Hr. Sorenskrivar Thomesen vilde vera ein Skandal so stor fyr Landsbygderne i det heile, at eg i det lengste vil vona, at det ikkje gjeng fyr seg. Er det fyr di Thomesen ikkje snakkar nok i Thingsalen, at han skal ut? Er han ikkje god nok Kamphane i denne Kamptid? Er det av den Grunn Rinde er so vyrd, at han, mest som Løvenskjold, blandar seg upp i kvar einskild Sak? Med all Vyrdnad fyr Rinde var eg Valmann i Brattsberg, valde eg baade paa Rinde og Thomesen -, so trur eg likevæl, at Thomesen leverar likso tunge Innlegg i Thingsalen som Rinde, og kannhenda væl so det, - nemleg i Form av Komite-Arbeid. Det synest meg klokt og godt gjort av Thomesen aa blanda seg mindre uppi Ordskiftet, naar hans Meining likevæl kjem fram; kvart Ord i Thingsalen kostar Landet Pengar, og det kunde henda, at naar dei gode Thelar fekk gjort Reknestykket rigtigt upp, at Rinde vart dei likso dyr som Thomesen. Ein Ting hev Thelarne vunnet med denne Skrivingi si, og det er, at dei slepp aa faa Bentsen inn i Thinget. Eg hev hans eigne Ord fyr, at han ikkje er tenkt paa aa prøva seg som Thingmann paa dei Stader, der Skrivar Thomesen gjeld fyr aa ikkje vera frilynd og sparsam nok. Kannhenda Thelarne her kann læra aa verta kloke av Skade; for hadde dei faret skipelegt fram mot Thomesen, so kann det henda Bentsen hadde teiknat seg inn i Manntal i Brattsberg, og daa hadde det ikkje voret for mykje sagt at Brattsberg var eit av dei best repræsenterade Fylke i Landet.
 
20.