Høyems bibelsoga. 1)

Eg kjem att noko seint; men det hev vore so vandt med tidi. Her skal eg au freista å vera stutt, då eg hev sagt nokre ord ein annan stad.
           
Um bibelstilen tek eg uppatt det, eg fyrr sagde, at det skal berre lite grand praktisering til fyr å røyna ut, at han ikkje er barnsleg. Berre av teori måtte ein skjyna det. Kor kann ein venta, at stil, som er skriven i Austerlandom av den semitiske folkeætti skulde vera barnsleg (d. e. lett å skjyna fyr born) hjå ei grein av den indo-europæiske ætti? Kannhenda han høver fyr austerlendske born; det er noko, eg ikkje veit. Det er lett å sjå fyr kvar og ein, at bibelstilen skjil seg ifrå all annan bokstil (difyr uttrykke bibelsk); men å segja, han difyr er barnsleg, det gjeng då ikkje an, då eg mest hev hug til å tru, at det er det minste av bibelen - undanteke det historiske _, som folk, både born og vaksne, ialfald utan teologisk upplysning, skjynar.
           
Når hr. G. segjer, at kvar lærar i si forteljing fekk greida stilen etter sitt vit, då vil eg spyrja: Kvifyr kann då ikkje boki få lov til å gjeva læraren sitt innhald i ei form, som han kann gjeva det att i åt borni? I ei form, som på naturlegaste og truaste måten harmonerar med det mål og den målkjensla som læraren eig, og som han gjeng til å lesa boki med? Kvifyr skal ei bok vera fordømd til å vera ein meire turr, pedantisk og stiv lærar, enn naudsynlegt er?      
Hr. G. krev, at boki (hans Høyem) skulde vera mynster fyr den finaste og ædlaste forteljestil, som det gjekk an å bruka. Eg skjynar ikkje, at nokon vitug mann kann krevja so mykje av Høyem. Me må hugsa, at me enno ikkje hev bibelen på norsk; detta er fyrste freistnaden av det slage; kann ein då strakst venta fullkomenskap? Nei; korkje hr. G. elder nokon av våre beste målmenn vilde gjort det fulkome fyrste gongen. Ved å føra slik tale kunde me venta, at den trottugaste arbeidar vilde tapa mod og hug og melda oss, at han pakkad saman og let oss sitja utan norsk bibelsoga, til den mann kom, som med ein gong kunde gjeva oss både denna og andre bøker i vår unge skulebokliteratur lytefrie, klassisk fullkomne i mål, form og innhald! Me, som heve freista å hjelpa hr. Høyem ved å umskriva berre nokre blad, vita, at her er det ti gonger lettare å bjoda og krevja enn å lyda, uppfylla og gjeva. Ein kann berre fyr Høyems skuld verta harm yver å sjå slik medferd, som han hev fengje og fær, slik utakk fyr sitt trottuge arbeid og si sjølvuppofring. Det er norskt å fara åt med sine merkjesmenn slik!
           
No, detta vil eg just ikkje nett hava sagt um hr. G. og stykkje hans.
           
Når hr. G. talar um den folkelege slengen, so vil eg segja, at det, som er halde fyr sleng i ei bygd, er det ikkje altid i ei onnor. T. d. orde Kjerring. I heile Thrøndelag er det orde brukt berre um gamle konor og i mismætande og skjemtande tydning. Der vilde dei vel støyta seg yver å sjå det orde i ei bibelsoga. Men yver heile det store Austland hava dei paa bygdom inkje anna ord fyr ei gift kvinna, anten ho er ung elder gamall, ring elder gjæv. Tøs elder taus brukast på Austlande berre i mismætande meining; men i Thrøndelag hava dei ikkje noko anna ord fyr tenestgjente. O. s. fr. Det er ikkje so lett stødt å avgjera, kva som er sleng elder ikkje. Eg er no so praktisk, at eg trur, der er likare, ei bok er væl folkeleg, enn at ho er turr, høg og uskjynande fyr born og ungdom.
           
Ellest kann eg ikkje segja, eg finn hr. G.s rettingar det slag vænare elder meir klassiske enn Høyems stil; men ein god mun meire tungvinnte og ubarnslege (og eg hadde nær sagt unorske au) era dei. Fyr det fyrste hev hr. G. stroke bablingstårne. Men orde babling brukast mest allstad i Noreg i sama meining som samanrøra. Høyem: _ _ _ _ hadde alle menneskja eit og same tungemål. G.: _ _ _ _ hadde alle eit tungemål. _ Hava ikkje alle no au eit tungemål? I stykkje II: Då Høyem sjølv hev sagt litt um detta, skal eg gjera berre ein liten mål-merknad: Høyems dativform kamelom er mykje meire propulær i Noreg enn G.s kamelarne. I stykkje III: Høyem: _ _ _ _ fauk han på bror sin og drap han. G.: _ _ _ _ stod Kain upp imot bror sin og slog han ihel. Detta sisste er ein reint ubarnsleg, ufolkeleg og unorsk talemåte; um han er hebraisk, veit eg ikkje; men gamall dansk er han, det veit eg. Når barne høyrer detta stod upp, so fær det strakst det fyresviv, at dei fyrr altso måtte hava site; men no fortelst det ikkje noko um det held, og soleids byrjar det strakst å sviva rundt fyr barne. Men derimot Høyems djerve og gode uttrykk skjynar kvart barn i Noreg, då det kling so heimelegt. At ein held den uttrykksmåten fyr å vera mindre væn, heilag elder bibelsk enn den andre, kann då ikkje koma av anna enn skjire fordomen. _ Høyem: _ _ _ _ har eg noko med å gjæte bror min, måtru? G: _ _ _ _ er eg sett til å vakta yver bror min? Her er au G. langt meir ubarnsleg og ufolkeleg og slett ikkje vænare elder meir klassisk enn Høyem; for eg hev ikkje trutt elder kann få i mitt hovud, at det ligg nokon slengi orde gjæte. Eg kunde gjera fleire peik; men eg vert for lang. Det vil eg segja, at fyr å kunna fella ein rettvis dom um boki fær me frigjera oss frå fordomen, som både gjenom dansken o. m. sl. er komen inn i oss. Det er då den klåre fordom å segja t. d., at Sem Noason elder Lot Haranson ikkje er historisk rett uttryk, då det etter kunnige menns utsegn ogso er hebraisk rett; og so gjenom norsk. Detta er eit; og soleids med fleire slike klagor yver kvardagsslengen; ofta berre fordom.
           
Eg er glad fyr kvar ein, som hev samhug med detta Høyems verk: difyr er det meg ovlag kjært å sjå, at hr. G. hev likso mykje (meire?) samhug med arbeide hans som eg.
                                                           
R. Konstad.
 
1) Hermed ender den striden.             Bldst.