Fraa Bygderne. [Vestre Agder]

Fraa Bygderne.
 
Vestre Agder, 2dre Pintsedag. Etter ei kald og turr Vaarvinna hev me no fenget Regn. No um Torsdagen balrignde det slik, at Bekkjer og Elvar gjekk yver alle Barann og gjorde mykje Ugagn paa dei nysaadde Aakrarne. Elvarne vaks slik at det er sjeldan aa sjaa dei større. Torrisdalselvi (som renn ut ved Kristianssand) reiv Brui Thygesens Minde med seg.
           
- No i Pintshelgi hadde Soknepresten i Søndre Undal, M. Kjerulf, 50-Aars-Jubilæum. Han hev voret Prest i eit halvt Aarhundrad, og alt til seinste Aaret, daa Son hans hev voret Kapellan, hev han styrt Yrkjet aaleine. Han er no konstituerad Provst i Mandals Provstedøme. Kjerulf hev altid voret kjend fyr aa vera ein greid, folkeleg Prest, og at han var umtykt av Folket viste seg i, at dei hadde skotet ihop Pengar til ei Æregaava til den gamle ærverdige Presten sin.
                                                           
W.