Fraa Bygderne. [Slidre]

Slidre. Me Slidringar freistar og paa fylgja me Tidi. Fyrr hev me havt berre tvo Valmenn, og det stod i Herdingo, at me ikkje skulde fenget fleire i Aar held; men so reiste ei nokre Menn paa Tinget i Aurdal ei Vegaleid paa fleire Mil og gjorde seg røysterettuge, og so vart Talet fullt, og me kann soleids senda tri Valmenn te Vetlehamar d. 24de Juni. Eit anna Prov paa, at me fylgjer med, er, at me her um Helgetorsdagen hadde eit Møte for aa faa istand eit Samtale- Samlag her i Slidre. Der møtte fram ein heil Reig eldre og yngre upplyste Menn. Daa dei hadde svallæt eit Bil um det Maalet, Samlaget skulde setja seg nemleg aa spreida Upplysning ibland seg sjølve aa andre aa gjera det, dei dugde, til at hjelpa fram eit sunt og friskt aandelegt Liv i Bygdi, gjekk dei yver til at velja Styre, soleids at dei tri, som fekk fleste Røyster, skulde verta Styrismenn, aa dei næste tri Vara-Styrismenn. Det vart røystat med Setlar. O. Kvale og O. Ødegaard fekk kvar 12 Røyster. I. Høyne 10, H. Berg 9, K. Egge 5, aa ymse andre 1 elder 2 Røyster. Gardmann O. Kvale vart Fyremann. Han er ein dugleg aa upplyst Kar aa vil nokk vita aa leida Samlaget fram til Vokster aa Trivsl. I den sydre Luten av Heradet, i Røn, er det ogso nyst danat eit liknande Samlag; det er Meiningi, at dei baae skal vera Avdeilder av eit Stor-Samlag, som skal umfata heile Heradet. Me er meinte paa faa Bibliotek og tinga Blad og Tidsskrifter. Eit av dei fyrste Spursmaal, som skal dryftast, er: direkte elder indirekte Skatt.
           
So ynskjer eg baae Samlag Framgang og Vekst!                        
 
Ein Slidring. -