Fraa Bygderne. [Laardal]

Laardal, Thelemarki. I Vika fyre Pintsehelgi fellte Tarje Olsen Nevahaug fraa Børte i Mo 2 Bjørnar og 1 Bjørnunge i Fekstveitfjellet, nære Trisæt. Ein Bjørneskyttar fraa Kristiania (Hr. Drevsen) hadde gjenget der eit Par Vikur til inkjes, men Dagen etter han var reist att, so small det. Daa Bjørnarne var avpelsa og Skrovi sundlima, skulde ein Gut føra Kjøtet ned til Kvitseid og selja det; det er paalag ein 7 Fjordung Veg. Han vart paalagd aa krevja 4 Mark Bismarpundet. Guten kjem til Landhandlaren, som byd honom 5 Kr, fyr Kjøtet, og daa han ikkje vil gjeva meir, - ”so lyt du hava det daa!” – Daa han kom ut og vart spurd, kor mykje han fekk fyr Kjøtet, sagde han som det var til; men daa var det som han kvakk litt og sagde: ”jamen kanskje eg hev selt for billegt ou!” –
           
Flaumen var stor paa desse Kantar med og gjorde ymist Ugagn paa dei flate tilsadde Aakrarne paa Dalen (Tokkedalen). Eimbaaten ”Telemarken”, som hellest hev sin Stoppestad paa Ladstein i øvste Enden av Bandak, gjekk i Flaumtidi radt upp til Austigard Dalen; - det vil verta nokot aa undrast paa fyr Etterkjømdi.
           
Politikken. Dei staakar og strævar fælt i denne Tid i ”Fedrah.”, ”Varden” o. fl. Blad, fyr aa faa Klokkaren vaar, Olav Sandland, til Valmann og Thingmann, og i ”Varden” er han skildrad som ein heil Kar. Det var fyr denne Sandland si Skuld, at Thingvalet maatte gjerast uppatt fyr Brattsberg; men det var fulla Presten, som mistok seg, - endaa han burde visst betre enn so. – Eg kjem til aa minnast eit Ord av Aasmund Vinje, daa han var her uppe siste Gongen; han sagde: ”Naar eg kjem til ei Bygd og høyrer, at Klokkaren er Ordførar og Forlikelseskommissær og Pott og Pande, so veit eg kor det stend seg med Folkeupplysningi; for der maa Folk vera godt presteredne; det vitnar um Tankeløysa og Likesæld.” - ”Morgenbladet” hev komet med det Slengjespursmaalet: ”Hev ikkje Brattsberg Amt annat enn Klokkarar aa senda til Things?”
 

 - n.