[Thingvali.]

Thingvali. Repræsentanten fraa Fredrikshall Vogt skal vilja fraasegja seg Val til dei komande Ting, som vel er. Dermed vil vonleg Rektor Nygaards Val ganga dess lettare. Sm. Amtst. tek Ordet fyr, at Byen sender ein praktisk Mann. Høvet millom Byar og Bygder, Skattelogjerne, Skifting av Tollpolitik paa Grunn av Tydsklands Toll-Reformer, Betring av Samhøvet med Sverig og mykje meir krev det, segjer Bladet. I Kraakstad skal dei den 14 Juni halda Prøveval paa Valmenn. I Skiptveit heldt dei den 3dje Juni Samtalemøte um Thingvalet fyr Borgesysla og vedtok samrøystes detta: Forsamlingi finn, at Repræsentantarne Sørenssen og Wiig so avgjort hev stellt seg mot Storthingets Meirtal og Veljararne sitt Ynskje iser i Beviljingssaker -, at det ikkje bør vera Spursmaal om aa velja deim uppatt. Derimot vart peikat paa 1. T. Lund, 2. A. O. Huser, 3. Bonde Johannes Lien (no 1ste Suppleant)og 4. Bonde Paal Pedersen Skirød (Vaaler). Thingvalet fyr Sud-Upplandi skal haldast i Dramn 30te Juni, fyr Nordland i Bodøy 10de Juli.