Utlandet.

Sverig. Telegramm fraa Stockholm den 16de Mai: Ikveld vart det innleverat aat baade Thingkamer Framlegg fraa Statsutskottet. Det fyreslær 50% Tilleggsbeviljing til aa fylla Underskotet fyr Aaret 1878 og Fullmagt fyr Riksgjeldkontoret til aa taka upp eit Laan paa 13 Millionar Kronor fyr Fyreskot, som det hadde gjort aat Statskontoret. Forslaget um aa taka upp eit innanlands Laan paa 13 Millionar vart samtykkt den 18de um Eftan. Fraa 19de Mai gjeld dei vedtekne Tollpaalegg paa Tobak, Sukker, Kaffe og Spritvaror.
 
Det tydske Riksthing hev teket paa med andre Gjenomgangen av Toll-Logjerne. Thinget forkastad alle Brigdeforslag og tok ved med 218 mod 88 Røyster Tollsetningarne aat Regjeringi fyr Raajarn. - Den 17de Mai var det haldet eit Møte i Berlin, der 72 tydske Byar møtte gjenom sine Utsendingar. Dei tok ved, med 68 Røyster imot 4, eit Motmæle mot Toll paa Korn og Fe. Men Bismarck hev Jordbrukararne med seg.
           
Frankrike. Paris 17de Mai. Generalprokurøren hev søkt um Løyve til aa setja den bonapartistiske Bladmannen Cassagnac under Tiltal fyr Stykkje, han hev skrivet i Pays.
           
Ryssland er no heimsøkt av store Eldsvaadar attaat alt det andre. I Orenburg hev det brunnet paa nytt Lag, so ein stor Deil av det, som var spart av den fyrste Brunen, no er roket med. I Nischnei-Uralsk kom det den 11te mai upp ein fæl Brune, som øydelagde Størsteparten av Byen. Det var sterk Storm, so det var Uraad aa sløkkja.