[I Austrik]

I Austrik, som jamt hev havt Underbalans i Riksrekneskapen, hev i 1ste Fjordung detta Aaret dei endeframme Skattar (Procentskatt) gjevet 847000 Gylden større Innkoma enn i 1ste Fjordung ifjor, og dei andre Avgifter 3,182,000 Gylden meir I Frankrik hev i dei fyrste 4 Maanadar iaar innkomet 30 Millionar Franks meir i Rikskassa, enn dei hadde gjort Reikning paa. Fyr heile Aaret vonar dei aa vilja faa eit Yverskot paa 100 Mill. Finantsministeren Léon Say arbeidar paa eit Forslag um Skattenedsetjing. Kamrarne hev latet til 40000 Franks til aa umbyggja Badi i den Riks-Byggnaden, som Folkethings-Formannen bur i, daa Badi var bygde etter ei laak Plan. Endaa skriv eit Kristianiablad: Den franske Folketribun (kvifyr ikkje Folkethingsformann?) Gambetta held fint Hus med Statens Pengar. Soleids hev han latet umbyggja Badi i sitt Pallats som Kammerformann; dei kostar 40000 Franks (7000 Spd), som Staten maa bitala. Desse frase-rike Rothoggarar er alle lik kvarandre; naar dei er der nede, klandrad dei dei rike og velhavande Menn, men naar dei sjølv kjem upp og tek til aa fljota ovanpaa, ter dei seg strakst som dei vitlausaste Øydelandar og Njotingssjuke! Kvat kostad det vel ikkje oss aa faa Soppen burt fraa Golvi i Slottsbyggnaden? Skal me kalla Kongen og Regjeringi vitlause Øydelandar, fyrdi dei vilde bøta denne Skaden? Elder fyrdi dei vilde ha (og fekk) ei Hissegogn til aa taka upp Maten fraa Kjøket?