[17de Mai]

17de Mai vart i Aar høgtidleghalden i Kristiania paa ein Maate, som tottest visa, at Folk paa nytt tek til aa leggja Tydning inn i denne Dagen; Veret var skinande klaart og fagert. Smaagutarne kom med sine Flagg Kl. 10 paa Fyremiddagen og gjekk i Procession fraa Tullinlykkja framum Slottet og Storthingsbyggnaden til Festningsplassen, der Kand. theol. Simonsen heldt ein Tale, som berre dei nærmaste var god til aa høyra. Dei fleste Gutar hadde reine Flagg, men sume møtte fram med unionsmerkte og; det skal liksom høyra med til eit fullgodt Flagg Unionsmerkjet iaar. I Fanetoget Kl. 5 var alle Serlag med, og Toget var stort; det gjekk fraa Grev Wedels Plass framum Storthingsbyggnaden til Slottet, der Professor Ebbe Hertzberg heldt ein Tale, som berre faae kunde høyra. Storthinget hadde hissat sitt Flagg og alle Vimplar, og ei Mengd Thingmenn gjekk med i Toget, men paa Slottet var ikkje Teikn til Liv, og Flaggstengerne stod nakne. Jarnvegsdirektøren hissad det svenske Flagg paa den fremste Plassen, men tok det ned, daa det leid ut paa Dagen. I Folkefesten paa Festningsplassen var ei uhorvelig Mengd Menneskjur med, dei segjer 15 20000; i Arbeidarsamfundet ei 5-600, i Studentarsamfundet mange og likeins i andre Samlag.