Bondereisningi i Wolovce.

[Del 7 av 8. Fyrste delen.]
 
Umskrivet fraa Tydsk ved Kristofer Janson.
                                     
(Framhald.)
           
Fortapte tok Hr. Strusek uppatter og rende rundt ikring i Rumet sitt: fortapte! og han miste reint Hovudet. So fekk han endelega seg sjølv og Vaapenmagti si paa Føtom. Det var heile 4 Karar. Men Amtmann Strusek elskad og vyrde Mannen Strusek fyr myket til at utsetja hans dyre Liv fyr Faare. Difyre sagde han kort og syndigt til sin Undermann, den kongelege Lensmannen Ladislaus Krabulinski: skaff De Orden i Landsbyen! Og dermed steig Statsmagti, 5 Mann høg, paa ei Høyvogn og rullad fram mot dei tri tusund Bønder. Men Femteparten av Statsmagti sat og hakkad Tenner paa Vegen. For han var inkje nettupp ein Heilt, denne Ladislaus Krapulinsky. Det var ellest eit snodigt Stykke Menneskja, nog verdt at sjaa paa litet so i ein Fart. Han var ein emneleg ung Mann so uppe i dei 40, ein lang klumputt Skapnad med svære Hender og Føter, som han paa ein løgen Maate strekte fram fyre seg, Ryggen krum av alle dei Milliardar og atter Milliardar Bukk, som han hadde gjort i sitt Liv, Andlitet, der ei raud Nasa lyste, so søtt som Sukker. Mannen hadde aldri studerat, hadde i sin Ungdom voret Dreng i eit Apothek. Korleides kunde han daa stiga til kongeleg Lensmann? Ved Bukk. Ved Bukk vardt han Skrivar paa eit Kontor, ved Bukk Brudgom til ei gamalvori Syster til Sjefen sin, gjenom endaa fleire Bukk endeleg kongeleg Lennsmann. Den trykkande Ægtehalvparten hadde han, etterat han hadde naatt fram, rist av seg som ein Mann av Æra. Naar han kom framkrekande, denne kongelege Lensmannen, Ladislaus Krabulinski, med Ryggen krum, Andlitet blidt og søtt smilande, kjende ein slik Kaldtokke, som krak det ein Eiterorm paa ein. Dessverre var det inkje alle, som kjende detta, men Fedko gjorde det. Daa Fedko fekk vita, at desse fem kom setjande, samlad han ein Flokk Folk kring seg og let Statsmagti draga fram. Det var løget elder var det helder syrgjelegt kannhenda? korleides dei kom. Dei fjore Soldatarne skreid tvo og tvo vyrdslegt og lognt fram. Men framfyre dei og so paa Sida aat deim og sidstpaa bak deim trippad med skjelvande Bein og Andlitet rengt til ein søt Smil den kongelege Ladislaus. Daa dei stod framfyre Bondehøvdingen, laut han fram. Audmjuk tok han Hatten sin av og helsad med ein djup Bukk. So byrjad han med skjelvande Mæle: Min kjære Hr. Fedko . . . Men sylkvasst skar Bonden Talen av. Lensmann, d u veit, at eg inkje er Herre; og e g veit, at eg inkje er deg kjær. Spara dine søte Ord, dei nytta inkje. Ulven lyt verda ihelslegen. Du ser inkje ut til at bruka Munn, for du synest meg litet rædd, men helder inkje det vilde nytta. Gakk heim! eg raader deg til det, gakk fort heim! Krabulinski gjekk, han trykte seg lydug bak Hermagti si. Postføraren, ein gamall Soldat, vardt skamraud i Andlitet. I Keisarens Namn! byrjad han. Men helder inkje honom let Fedko tala ut. Kamrat, du er ein bra Kar, men du ser vel, du er her til ingen Nytte. Prat nyttar ingen Ting og de er fjore mot trihundrad. Men um det Ordet, du der nemnde, det Ordet, at de er her i Keisarens Namn, so lyt eg endaa tala med Ræddharen der. Kom berre fram, Polak, og skjelv inkje so, eg bit deg inkje. Høyr paa det eg no segjer, og fortel det til Amtmannen i Byen. Det Blod, som i Dag er rent her, og endaa vil renna, det skal de hava paa Samvitet, det skal vitna mot dykk fyre Gud. Naar de hadde styrt, soleides som Keisaren vil det, godt og retferdigt, naar de hadde vart oss imot desse Ubeist, so haddeme slept at gjera det sjølve. Polak, du kjem no framum Kyrkja vaar, stig av og sjaa paa dei stille Folk, som der liggja; dei hava i Dag tidleg voret friske og livande. Og tenk so paa Vegen yver det, Polak, kvifyre dei no er so stille, tenk grundigt paa det. Og dermed gakk!
           
Dei gjekk og kom til Barnow ved Solarglad. Paa Troppi til Raadhuset ventad Hr. Strusek. Det heve inkje nyttat, fortalde Ladislaus, korkje gode Ord elder vonde. Dei hava bøygt seg fyre meg og kysst Kjolesaumen min, men fraa kvarandre vilde dei inkje ganga, fyrr Hr. Barwulski er ihelslegen. Det kann vera so ei 5000 Mann. Mot meg var dei som sagt svært audmjuke og sende endaa ei Helsing med til Hr. Amtmannen; men ellest er dei rasande. Der kann berre Krigsmagt hjelpa.
           
Men kvat taka Krigsmagt ifraa? I Barnow fanst ingi. I næste By, som var 6 Mil derifraa, laag det ein Eskadron Husarar. So telegraferad daa Hr. Strusek til Offiseren der: I Wolovce og derikring rasande Bondereisning. Aatte tusund Bønder herja og myrda paa alle Adelsgardar. Stor Faare fyre Byen. Strakst senda Regiment.
           
Som ei blodraud Kula hekk Soli i den vestlege Rand av Sletta, og tagalle saag Reisningsmennerne etter henne. Kannhenda drog det seg gjenom kvart Hjarta og kvar Hjerne: kven veit, um du i Morgon ser henne renna. Notti kom, og det var ei forfælande Nott, ei Nott full av Rædsel, og mang ei Morssjæl hadde og set Soli hin Kveld siste Gongen; daa ho atter rann, laag han daud, skoten elder ihelslegen, kjøvd elder forbrend. Det hende mangt umenneskjelegt hi Nott skulde me daa her sitja og njota det breidt og seigpinande?
           
Nei, berre stutt, det som naudsynlegt er at fortelja. Gjøymde i den myrke Nattkaapa stormad Bønderne endaa ein Gong Porten. Atter til ingen Nytte, atter vart heile Rader av deim nedskotne. Tenararne paa Borgi skaut berre i den myrke, fastklemde Hopen og raakad likso visst, som hadde dei sigtat. Atter hadde Bønderne seg undan.
           
Men snart vaagad dei seg paa ingen med Bikkransar, Kyndlar og andre Slag Brandgreidar. Myrkret veik undan fyre det skarpe raude Ljoset. No hadde Borgmennerne endaa vissare kunnat skjota ned sine Fiendar. Men Elden tagde, dei hadde skotet burt alt Krutet sitt. Det merkad Bønderne og kom no sigande i tjukke Flokkar, og paa eit Teikn flaug Brandarne paa hundrad Stelle i ein Gong inn i Borgi. Dei hadde bundet Steinar i deim. Mang ei Spik slokknad, i mangt eit Rum sløkte Tenararne, men det munad inkje stort. Ein halv Time etter slo den ljose Logen ut or kvart Glashol upp mot Taket og so upp mot Himmelen i den myrke Notti. Borgi og dei, som i var, var fortapte, og rædselsfult klang det ville: Urraha! ifraa Sigervinnarom gjenom Notti.
           
Berre dei tvau Taarni paa Hyrnom og dei tunge Murarne yver Porten vardt sparad av Logen. Det sidste kom vel med fyre Bønderne. Jarnporten vardt berre maateleg varm, og Trebrui fatad inkje Varme. So kunde dei endaa ein Gong ganga paa Porten, og daa sprakk han sund i Pløgingi. So sprang dei gjenom Røyk og Eld inn i Borgi.
                                                           
( Meir.)