[Notisar]

Kristiania, den 2den Mai 1879.
 
Storthingsvali. O. Brandt fraa Vest-Upplandi vil ikkje taka imot Val paa nytt.
 
Flaggsaki. Daa dei skulde raada til Flagg fyr det nye Arbeidarasyl i Bergen, sette Kæmnar Baars fram Forslag um, at Flagget skulde vera reint norskt, utan Unionsmerkje. Forslaget vart vedteket med 9 mot 1 R.
 
Eit Lærar- og Folkemøte skal haldast paa Storthingsmann Bentsens Gard Kvithamar i Stjørdalen 14 Dagar i den fyrste Parten av August Maanad. Kristofer Bruun, O. K. Kuløy, M. Skard og Bentsen vil halda Fyredrag.
 
I Rødenes (Borgesysla) køyrde sin Langfredag Severin Lorentsen paa Maasby med 5 Gjentur yver eit Vatn og kom ut i eit opet Hol lagt med ei tunn Isskorpa med Nysnjo yver. Alle Gjenturne hengde seg fast ved Mannen, og det var med Naud, han vann aa halda seg uppe, men han fekk deim likvel upp aa den faste Iskanten den eine etter den andre, dei siste mest halvdaude av Kulde og Rædsla. Daa det var gjort, la han ei Rennesnara um Halsen paa Hesten og frelste ogso den med eit hardbalet Arbeid. So køyrde han til Garden Vik, der dei forkomne Gjenturne snart kom seg. Fyr denne Gjerdi vert Severin Lorentsen rosad og fortener det.