Høyems Bibelsoga.

Eg likar ikkje alt det, Herr G. hev skrivet um Høyems Bibelsoga. No veit eg vel det, at Høyem sjølv er Mann fyr aa svara fyr seg mykje betre, enn eg kann gjera det; men eg fær vel Lov til aa gjera eit par Peik lell.
           
Herr G. vil hava historisk, bibelsk Stil, Skildring i store, episke Drag, høg Framstelling o.s.v. Det er sannt, at detta er vænt; det er nokot, som høyrer heime i eit Diktarverk elder i Sogebøker fyr vaksne, upplyste Folk; men kom med slik Stil til Born elder Landsungdom, slik som han jamnast er, og dei greida honom inkje; for det er reint utrulegt, kor litet Storparten av Folket paa Landsbygdi skynar. Eit Døme paa det: Eg spurde no nyleg ein ung Gut, som til-med hadde voret paa høgre Aalmugskule, kvifyr han song somykje skarve Tvoskjillingsvisor, daa han hadde Songboki hans Bentsen og Foosnæs. Han svarad meg, at dei Songarne skynad han ikkje; det var hans rame Aalvor, og Guten var ellest i mange Ting vitug, so han lærde meg ved dei Ordi aa skyna, kvifyr Skarvevisorne er so utbreidde. Men no meiner eg daa, at skal det lukkast fyr oss aa hjelpa fram Bondefolket vaart til Daning, so faa me vera so praktiske, at me skriva og tala, so dei skjyna det; det fær ikkje hjelpa, um det ikkje vert fullt so vænt. No gjeng det visstnok an aa skriva vænt, um ein skriv folkelegt og barnslegt au, og eg tykkjer mangt i Høyems Bibelsoga er vænt; men me skal merkja oss ein Ting: Ein lyt skriva, som ein hev Gaavor til, og no ligg Høyems Natur tvillaust m e s t fyr det djerve og kraftuge. Detta verd no sagt daa, burtset fraa Fyremaalet aat Boki. Nei eg hev nok freistat sopass aa fortelja Soga fyr Born, at det skal ingen lura meg paa, korleids det skal gjerast, um ho skal festa seg baade i Hovud og Hjarta. Dei kunna segja meg, kor lengje dei vilja, at Bibelstilen og i det heile den episke Stil er barnsleg; Borni skynar honom ikkje, det veit eg. Fyr Smaaborn hev eg maatt gjort det endaa meir folkelegt enn Høyems au. Daa eg talar um episk, hugsar eg, kor ofta eg hev bodet fram til Lesning fyr Landsungdom Iliaden og Odysseen i Wilsters Umskrift; men nei Takk! for høg! likeins med mest alt Epos. Nei Saki er: Bonden kjenner i sin Maate aa fortelja paa ikkje til denne Skildring i store, episke Drag. Um dei allrahøgste Emne talar han paa sin folkeleg-barnslege Maate, og det kann fyr den, som ikkje er vand med det, ofta høyrast flatt (platt) ut. Men Bonden sjølv tykker ikkje, det er flatt, og daa er det i Grunnen ikkje helder, men berre ein annan Maate aa segja det paa. Um Bonden kjem inn til Byen og fær høyra Talemaatar, som brukast der, og er haldne fyr aa vera poetisk-fagre, so kann det henda, han tykkjer, dei er m e i r enn flate, rigtigt vemjelege. Synet paa det flate er soleids ikkje eins fyr By og Land. Det er soleids slettingen Faare fyr, at det folkelege, barnslege og heimelege støyter Bondefolks historiske Sans (for flat tykkjer ikkje eg, Boki er nokonstad), og fyrst daa, naar Personarne (anten det er dei mosaiske elder andre) kjem ein nær innpaa Livet, kann ein faa eit livande
Bilæte av deim.
           
Hrr G. segjer ogso, at Stilen (den folkelege) i Boki kann forsvarast, avdi ho ikkje er etlad til Utanaatlesning; men daa tykkjer eg, han sett Tingen paa Hovudet. Trengst det ikkje allramest folkeleg, barnsleg og heimsleg Stil i Bøker, som skal lærast utanaat av Born? Det vert daa ellest turrt Pugg.
           
Um Maalet i Boki vil eg au segja, at daa Dativformerne, slik som Høyem brukar deim, ogso brukast i den livande Folketale serleg i Thrøndelag, men mange, mange Stader ellest au, so hev ein Maalmann ikkje berre Rett, men kanskje Plikt til aa taka deim, um Maalet skal verta sannt.
           
Orsaka meg daa, Hrr G.! eg hev so livande Samhug med Høyems Arbeid, at eg laut ut med desse Ordi.