Fraa Agder.

Ein Brevskrivar i Fedrh. (No. 19) hev alt voret til og skrivet um Storthingsvalet fyr Nedenæs. Det er væl altid nokot tidleg endaa aa tala um det; for det hev vist seg i dei seinare Aar at Nedenæs hev voret det siste i Valrekkja millom Fylki, so det kunde vera betre aa venta til burtimot Val-Tidi og so taka so mykje sterkare i daa. Derimot er det eit annat Spursmaal, som kunde vera verdt Dryfting, og det er, um det ikkje skulde vera Raad aa faa Valet sett til ei laglegare Aarstid, t. d. Mikkelsmess; serleg maatte detta vera godt fyr Sætersdalen og den øystre Luten av Fylket. Tru det skulde ikkje vera verdt aa orda innpaa fyr Amtmannen um detta?
           
- Men ettersom no detta Thingsmannsspursmaalet fyrst er komet aa Vangje, so kunde nok eg au nemna den Mann, som eg meiner var verd aa tenkja paa her, og det er Høgskulelærar V. Ullmann. Han er ein Mann med store, allsidige Kunnskapar, med sterk Fedrelandshug og Sans fyr det Nationale; han er dessutan Meistar i aa tala fyr seg, so eg trur han burde vera sjølvskriven til Thingmann fyr Fylket. Eg vil ikkje meir enn berre nemna det denne Gongen, so kann Folk tenkja paa det. Hellest skal eg segja, at eg likar Lindstøl og Liestøl, og i seinste Tidi Holm med, serleg fyr hans Mannskap i Spursmaalet um den allernaadigste.
           
Til dei gode Teledølar vil eg au gjeva eit Ord. Kvat kann de hava aa segja paa Skrivar Thommesen? Eg tykkjer Thommesen er so ulastande, at kvart Fylke kunde hava Æra av ein slik Thingmann.                                                     
 
20.