Bondereisningi i Wolovce.

[Del 5 av 8. Fyrste delen.]
 
Umskrivet fraa Tydsk ved Kristofer Janson.
                         
(Framhald.)
 
For ein Kjeltring var denne Kryplingen av ein Tenar, ein Kjeltring, som kvar Galge kunde hava Æra av; men han var ogso ein Mann, det synte han i denne Stundi. Han baud, dei andre Tenarar lydde. I nokre Minutar var Porten stengd, Tenarskapet vaapnad og sette kvar med sitt Skjotehol. Det var med Michalko endaa 14 Mann i Borgi, dessutan nokre Kvinfolk, og millom deim Hr. Wincenty, som ylande gjøymde seg i Kjellaren.
Bles eg ein Gong i Pipa, so skyt annan kvar Mann ut i lause Lufti; bles eg tvo Gongjer, so skyt alle ihop og beint i Flokken. So baud Krylryggen, opnad so Midtdøri paa Huset og steig fram paa det vesle Trevet yver Porten.
           
Femti Stig paa Lag ifraa den vesle Brui var dei fyrste av Hopen daa komne. Holdt, ropad Michalko, kvat skal de? Tagalle trengde dei seg fram. Holdt! annars drep eg dykk! ropad Michalko og bles i Pipa ein Smell fraa 7 Byrsor, Kulorna skar kvinande yver Hovudet paa Bondeflokken. Dei kvakk og drog seg nokre Stig attende. Michalko nyttad Stundi. Brøder! kvat er det, de vilja? Levande kjem ingen yver Brui, det segjer eg dykk. Men me kann ordveksla i Fred kannhenda? Seg ifraa kvat vil de her paa Borgi?
           
Paa det Spursmaalet svarad fyrst ein lystig Slaatt det var den tullutte Jacek. So lyfte ein Bonde bak i Flokken Byrsa si, sigtad og skaut etter Karen. Kula borad seg inn i Murverket yver Hovudet hans. Men den modige Kjeltringen skrattad: so det er fyre mi Skuld, de vil gjera Borgi den Æra? elder tek eg i Mist? taka de meg fyr ein annan elder fyr ein Reinsbukk kannhenda? No - hava de mist Munn og Mæle? !
           
Slik Tale gjerer altid Mun. Det var ingen fleire, som vilde leggja an paa den vesle Kroppen, som stelte seg fram paa det opne Trevet til Skiva.
           
Fedko heldt kviskrande Samraad med Hjelpesmannen sin, Krityko. Dei hadde inkje tenkt paa, um dei fann Motverja elder ei, det var deim nett det same. Wincenty maatte dei taka og hengja upp, det stod fast; og so nokre av Tenarom hans atpaa, um det kunde falla seg so. No saag dei, at det var inkje so beinkjøyrt endaa detta. Porten var stengd, i Skjoteholi stod det Folk. Dei hadde vel og nokre Byrsor, men kvat kunde det nytta mot slike Murar. Jarnporten laut dei renna inn, det var greidt. Men Byrsorna til Borgmanskapet strauk den einaste Tilgong, den vesle Trebrui. Det lyt vera so, sagde Fedko til sine Folk, men nokre av oss kjem til at døya. Det fer vera det same, svarad dei, naar ein l y t det, so. - - -
           
Der er sterk Tru paa Lagnaden hjaa alle Slaver, men reint urimeleg hjaa denne Parten av deim. Eg døyr inkje, fyrr det er so lagat lel tenkte kvar og Ein. ein lyt gjera si Skylda, kor som er.
           
Men Fedko tykte Synd i deim. Han sjølv var øydelagd, sundsprengd som Treet av Eldingen, men dei andre skulde inkje verda det berre fyre hans Skuld. Ulven laut dei drepa, men kannhenda kunde det ganga utan Mannablod. Ein laut freista det i det minste. Han let dei andre treda attende, sjølv gjekk han fram, solangt som til Brui.
           
Høyr Michalko! sagde han. Eg høyrer. Me leita etter Herren. Kvat vil de honom? Det verd vaar Sak. Men mi og, eg skal verja Huset fyre honom. Naar du vil vita det, skal me inkje dylja det, me vil hengja honom upp. Godt, men daa lyt de leita i Barnow, for han er faren til Byen.
           
Du lyg. Eg lyg inkje. Kann du sverja paa det? Ja. So sant di Sjæl skal høyra Herren Kristus til og inkje Djevelen? Michalko tøvrad litet. Det er ein fæl Eid, tenkte han, Men Sjæli mi høyrer vel Djevelen til kor som er. Ja! svarad han lydt. Du lyg, svarad Fedko kaldt. Du er ein Hund av ein Meineidar, verre enn ein Jøde, ja verre enn ein Polak. Men eg snakkar meir med deg, daa eg vil spara Mannaliv. Du er ein Kjeltring, men du er ein Ruthener lel. Michalko, eg spyr deg sidste Gongen: er Herren derinne? Sver meg det, so sant di daude Moder skal hava Ro i Gravi. Segjer du nei til det, so stryk eg burt med Folket mitt og slær Ulven i Hel i Byen.
           
Den vesle Kroken vardt bleik; alt paa Jordi kunde han gjera, men taka Freden fraa si daude Moder i Gravi, det kann ingen Son av dette Folket bera yver Hjartat sitt. Tvo Ting gjerer sitt til detta, fyrst Trui paa dei fredlause i Gravi, som nettupp er fødd i dette Folket og derifraa heve gjenget i Segner yver til alle Folk, og so ein rørande Kjærleike millom Foreldre og Born.
           
Den vesle Skarven stridde ein hard Strid. Oskegraatt som Steinveggen vardt Andletet hans. Det kostar meg Halsen min, kviskrad han; men so skreik han i gneldrande: du din Nar, din Hanrei, du lukkelege Brudgomen til Xenia, du lukkelege Ægtemannen til Hanusia høyr no! Herren er i Borgi! Tak honom, um du heve Mod til det!
           
Bønderne ylte som ville Dyr, men Fedko stod stød og vittad, at dei skulde vera logne. Atmed Michalko var Mikita, Kjøyresveinen, komen frampaa Trevet, ein ung, rakvaksen Kar. Han var fælande bleik; or dei vidt uppspilade Augo stirde Rædsel fyre Dauden, og med dirrande, skjerande Maal ropad han: høyr paa meg Godtfolk, høyr med Miskunn paa, kvat alle me andre Tenarar segja dykk. Soframt de er nøgde berre med at faa Tak i Herren, so vil me strakst opna Porten og inkje losna eit Skot. Men sver oss Fedko, at me skal faa hava Liv og Lemer. Um de vil dengja oss dugelegt, so i Guds Namn
           
Din Hund! ropad Michalko i det same rasande, din Mjølkesnut av ein Forrædar! Han sprang inn paa den rakvaksne Karen, greip honom i Strupen, braut honom ned og sputtad honom i Andletet. Leivingarne fraa Bordet til Herren heve smakat deg, og i den største Naudi vil du svika honom? Gakk til Bønderne du! gakk! Og med meir enn Mannastyrke tok han Kroppen til ruklande og heiv honom yver Traleverket av Trevet og ned i Djupet. Paa Steinkanten til Borgveita small Hovudet til Mikita sund, Kroppen foor i Elvi, som budlad i Vedret; so rann dei myrke Bylgjor ihop atter, og berre lette Ringar var endaa sjaaande paa Vatsflata.
           
Det var fyrste Mannen, som laut lata Livet i Bondereisningi i Wolovce. Ein Augnablink stod alle fjettrade og mest som andelause. Daa sprang Krylryggen fraa Trevet inn i Stova, og i same Stundi kom det fraa eit av Skjoteholom ein Blink, ein Smell, ei lett blaa Sky, og Fedko ragad. Byrsa datt ut or Hondi hans; paa den brune Kufta synte seg eit raudt Merke. Det var det fyrste og sidste Skot, som Her Wincenty sjølv gjorde.
                                               
( Meir.)