Utlandet.

Den danske Regjeringi hev spurt etter hjaa den prøysiske, korleids ho stellte seg til det nordslesvikske Spursmaal no, etter at Artikel 5 i Pragfreden var utstroken, og hev fenget til Svar: Regjeringi held Spursmaalet fyr endeleg avgjort ved Semja av 11te Oktober 1878.
           
Det gjeng fullt upp av Annexions-Segner um Dagen. Snart heitest det, at Tydskland vil taka heile Danmark og gjera det til sin Admiralstat, snart at det vil nøgja seg med Jylland; so er det fortalt, at Bismarck og Waddington hev samst um, at Tydskland skal take Rin-Kvislerne og at Frankrike skal halda seg skadelaust i Belgia; so er det fortalt, at Bismarck og Andrassy hev sleget seg saman i Røvarlag: Bismarck kastat sine Augo paa Holland og Rin-Osarne og Austrike, som alt hev lagt under seg tvo av dei beste slaviske Fylke, vil halda fram, som det stemner, og fyr det fyrste taka Novabazar-Sysla; og endeleg so hev det voret sagt, at Austrike og Ryssland skal ha lagt yver aa byta Rumænia imillom seg. Men det er visseleg Bladskrynjor alt ihop.
           
Frankrike. Den motiverade Dagsordningi, som fylgde etter Ordkastet um Klaga imot Ministrarne, lydde soleids: Fyrr enn Folkethinget gjeng yver til si Dagsordning att, slær det enno ein Gong fast, at Ministrarne vv 16de Mai (Broglie og dei andre) og av 23de November (Rochebouët o. d. a.) hev, ved sine brotslege Tiltak imot Republiken, sviket det Styre, dei tente, trakkat Logi og dei aalmenne Fridomar under Fot og hev ikkje viket fyr Landsens Harm og mannlege Raadgjerder, fyrr dei hev ført Frankrike like innaat Grensorne aat ein Borgarkrig. I Yvervitning um, at den Uvyrdnad, som dei no er heimfallne til, tillæt den sigrande Republik aa ikkje hefta seg med aa forfylgja Fiendar, som no er fordømde til Vanmagt; i Tanken paa, at Frankrike treng Fred og Ro til aa raada Bot paa det Vonde, dei hev gjort, og at Tidi er komet fyr det republikanske Riksthing til aa helga seg heilt til Utarbeiding av dei vigtuge økonomiske, industrielle og fiansielle Loger, som Landet krev av det, og som det ventar aukat Velstand og Velvære av flyt Thinget til Doms aat Folket sitt Samvit det, som alt paa høgtidleg Maate hev vist heimatt Ministrarne av 16de mai og 23de November deira brotslege Raad og Gjerningar. Innriksministeren er manad til aa lata denne Raadgjerdi verta kunngjord ved Uppslag i alle Frankrikes Sokner. Dagsordningi vart vedteki med 240 R. imot 154.