Um Jordbruket.

[Del 1 av 3.]
 
I desse tronge Tider er det tregelegt aa sjaa av Statistikken um all den Jordbruksavlen, som me fører inn fraa Utlandet. Skulde ikkje vaart eiget Jordbruk kunna faast so vidt upp, at me kunde berga oss sjølve? Dei Millionarne, som no gjeng av Landet til slikt, kom daa vaart eiget Land til Godes, og det vart til Vinning baade aat Landmannen og aat heile Folket.
           
Kunnige Folk trur, at det her i Landet av dyrkande Jord er paa Lag dubbelt so mykje udyrkat som dyrkat, og endaa detta vil, med betre Stell, kunna bera mykje meir enn det no gjer. Til detta kjem, at alle desse nye Jarnvegjerne vil hjelpa upp Handelen og Umsetnaden av desse Varar, og det i stor Mun. Her er daa visst Grunn til aa tru, at Jordbruket vaart hev ei ljosare Framtid. Ja kanskje det gjeng an aa segja, at Landsens Framtid i største Mun er bundi til Utviklingi av Jordbruket.
           
Vilkori er her iallfall til aa gjera Kjempestig fram; det stend paa oss sjølve, um me vil taka dei. Me bør ikkje skræmast, um her er Hindringar. Med dei største av desse er væl det, at Bonden hev lite Raad til aa halda Arbeidsfolk, fleire enn som nett upp tarvst til det aarlege Aanne-Arbeid, at han hev eit skjeivt Syn paa det kropslege Arbeidet, og at han i mange Tilfelle ikkje veit aa stella seg paa beste Maaten. Dei tvo sistnemnde Meinhøvi heng ihop med det fyrste og gjer vondt verre.
           
Men detta er daa alt Meinhøve, som ligg hjaa oss sjølve og som maa kunna vinnast yver. Ein Ting er her, som i Vissa kann rettast, berre Viljen er god, og som vil vera til stor Hjelp : me maa læra aa nytta Tidi, læra aa minnast, at Tid er Pengar. Med Flit, Arbeidshug, og Kunnskap hjelper Ein seg langt, um ikkje just Pengedungen er so stor, og tilslutt veks daa den med. Det er ein Ting, som Ein kunde tenkja vart til Mein fyr Framgangen av Jordbruket vaart, og det er dersom Livskravi stig med Kulturen so fort, at vaart eiget Jordbruk ikkje kann fylgja med, so me likevæl lyt til Utlandet etter Hjelp. Men Uppgaava maa daa just vera den aa lyfta Jordbruket upp i Høgd med Kulturen, og det gjeld i vaart Stræv her, ikkje berre at me avlar meir, men likso væl at me avlar betre.
           
Det vil krevja tunge Tak aa føra Verket fram. Men so vil det og vara, til Verdi øydest. Det er dessutan slik ein Hugnad i det aa stella og planta og sjaa kor Grøda veks, so Ein kann ikkje so lett trøyttna. Sjølve detta friske Arbeidet ute i fri Luft allstødt, er ei Vinning so stor fyr Kropp og Sjæl, at Ein maa kunna halda gladeleg ut i Strævet berre fyr den Skuld.
           
Men me maa hugsa paa, at det er ikkje berre Arbeidet, Slitet, som skal gjera det. Skal Arbeidet bera fram, so maa Ein arbeida med Vit. Men til aa arbeida med Vit maa Ein hava Kunnskap. Det, som Jordbrukaren helst treng i so Maate er Kunnskap um Naturen, og daa serleg um Plantarne og Jord-Slagi. Um Plantarne fyr aa vita, kvat dei krev av Veksestaden sin fyr aa trivast; um Jord-Slagi fyr aa kunna stella Veksestaden slik, at han nøgjer desse Krav.
           
Men dei ymse Vokstrar hev ulike Krav, og difyr gjeld det aa velja seg ut dei Vokstrarne, som høver best til dei Vilkori, Veksestaden byd. Likevæl er der Krav, som er sams fyr alle Jordbruks-Vokstrar. Eit slikt Hovudkrav er: ei til Fullnad uppdyrkad og ut-veitt (drainerad) Jord. Di betre desse Arbeidi er utførde, di større og betre Avlignar fær Ein. Og daa dei aarlege Driftsutgifterne vert dei same, anten Jordi er godt istand elder ikkje, so er det greidt at det løner seg betre aa dyrka Jordi væl, alt um det kostar aa faa henne i Stand, og alt um Ein daa ikkje vinn yver so mykje, - enn det løner seg aa fara yver store Vidder og dyrka mindre godt. Av same Grunnen løner det seg og betre i Lengdi aa dyrka den Jordi, som i seg sjølv er av godt Slag (god Bonitet), endaa um ho kann krevja større Utlag, enn aa dyrka skrinn Jord, alt um ho kann vera lett-dyrkad. I det heile er det rettaste aa vøla og stella paa den Jordi, som er dyrkad, so lengje der er nokot som kann beinkast, fyrr Ein tek paa aa brjota upp nytt Land. Slikt Arbeid, som kann vera aa gjera, er: Veiting, Stein-Rydjing, Jamning av Marki, so ho vert flat og slett, Mergling o. s. fr.; dersom Aakrarne er smaae og skjeivlagde, bør dei rettest og beinkast paa og leggjast ihop, naar det læt seg gjera; for Arbeidet gjeng baade lettare, og snøggare, naar Aakeren er greidlagd og nokot stor. Ein skal ikkje skræmast, um Ein ikkje hev Raad til aa slaa stort paa, men arbeida jamt og trottugt og hugsa, at Dropen holar Steinen. Endaa det vert altid meir heilslegt og greidt, dersom Ein kann vinnast med nokot større Stykkje i Senn, og daa iser med Beiturne. Det lyt helder vaaga seg, um Ein ikkje vert plent ferdug med eit Stykkje kvart Aar, men lyt arbeida i lenger Tid fyr aa faa det ferdugt. Og naar Ein tek paa med eit slikt Dyrkingsarbeid, maa Ein tenkja væl etter den beste Maaten aa taka det paa, so det baade kann ganga lett og verta ein gild Aaker av.
                                                           
( Meir.)