Ein Fritenkjar.

Ei Forteljing or Samtidi.
 
XXIV.
 
(Framhald.)
 
Og no hev ho, etterpaa alt, fenget ein ny hard Støyt, stod der, med di Herren i sin uransakelege Visdom hev funnet det rett aa kalla heim til seg vaar ugløymelege, kjære Faer; men det er og, tor eg segja, ditt Verk; for han hadde aldri ein glad Dag, sidan du tok Ragna ifraa honom, og han hadde livt enno, um ikkje det hadde komet. Men Herrens Tankar er ikkje vaare Tankar. Ragna tek baade detta og alt det andre so tungt, at det er Uraad aa vita, kor lengje ho kann bera det. Og i Anger yver den Syndi, ho visste ho hadde gjort imot Faer sin, tok ho det visst altfor stridt med aa stella fyr honom og vaka yver honom i den siste Tidi han laag sjuk. Ho gjeng no her som ein Skugge og er so kraftlaus og arm, at det er ei Sut aa sjaa. Men ho hev lært aa søkja Hjelpi der, som Hjelp er aa finna, og alt detta hev nok i Guds allvise Haand voret ei Raad til aa bøygja og tukta den altfor sterke og sjølvraadige Naturen hennar, for no tykkjer ho, ho kann takka fyr alt. Men ho skynar og godt, at ho ikkje lenger kann hava nokot med deg aa gjera, so lengje du er den du no er. - - -
           
Hauk slengde Brevi fraa seg og kjende seg so leid og kald, at han mest uppgav Tanken um aa koma heim att. Han skreiv eit stutt, rolegt Svar til Ragna og bad henne agta seg fyr Sjukdom; si eigi pinefulle Sorg tagde han med. Breide fekk og Svar. Sidan eit Aars Tid var Breide den einaste han fekk Brev ifraa. Men so sluttad desse Brevi med. Hauk tenkte at Breide maatte vera sjuk. Men den rette Grunnen til, at Brevsendingi sluttad, var den, at Breide hadde gift seg.
           
No livde Hauk i Paris. Sorgi og Harmen prøvde han aa skriva av seg i ein Roman, og det Arbeidet, han dermed fekk, var honom til stor Hjelp og Letting. Romanen kom ut og vart væl umtykt. Han handlad um Ægteskapet og um Kyrkja. Kritikken sagde um honom, at han var merkjeleg friskt og sannt skriven og etter Maaten paa ulasteleg Fransk. Tankarne er væl gamle og kjende, stod det; men me skal hugsa, at Forfattaren er fraa eit Land, der desse Tankarne enno knapt er kjende av Namn.
           
Denne Romanen lettad honom fyr ei lang Stund. Dessutan kastad han seg no meir inn i Pariserlivet. Han maatte gjera det, fyr aa døyva ned dei saare Minni, og han tottest hava Rett til aa gjera det, fyr di han var utstøytt fraa Livet og Lukka. Glad kunde han aldri verta, og Fred kunde han aldri faa; men han kunde læra aa gløyma, og han kunde herda seg, til han vart like sæl. Men so kom det Rider att, daa alt det gamle braut upp liksom ein Sjukdom. Ho, som gjekk der heime aaleine og sjuk, syrgjande utan Von, tyngd av tærande Tankar, steig fram fyr honom som ein Jammer; Son hans stod i hans Draumar som ein kvit Engel og saag etter honom og var so fager. Daa kunde han verta som ør av Heimlengt. Han skreiv Dikt, graatfagre, glødande av Sorg; han vart Diktar, endaa han aldri hadde visst at han var det. Og kvar Gong, han fekk fram slikt eit Dikt, kjende han seg lettare og friskare. Han prøvde aa fylgja med i Politikken fyr liksom aa hava nokot aa liva fyre; so skreiv han Brevsendingar til tyske og engelske Blad og kom meir og meir inn i det store europæiske Livet. Men han kjende seg likevæl altid i Grunnen framand og heimlaus, og han skreiv eit av sine fagraste Dikt um den djupe, tærande Sorg som han kjende ved aa vera riven burt fraa den heimlege Jordgrunnen, der hans Hjarta hadde sine djupaste Røter og hans Blod sine friske Kjeldur.
                         
 
XXV.
 
Det var den fjorde Vaaren etter han var faren heimanfraa. Um Vaaren var Heimhugen altid sterk; men no var det verre enn nokon Gong fyrr. Han gjekk allstødt og tenkte paa den gamle hyggjelege Prestegarden der heime; ute i Hagen stod Aplarna no og blømde, men inne gjekk Gamlemoer og stullad og stellte; Ragna sat bleik yver Saumen, og paa Golvet leikad Veslegut med ein liten kvit Kattunge. Han kunde graata av Lengt! No var Veslegut so stor, at han kunde tala. Den som kunde faa leika ei liti Stund med honom, og svalla med honom, og høyra honom segja Faer! Mama! Mama! Papa er komen heim! - - - Hauk sat og drøymde, til Taarurne draup. Ein Morgon stod han upp so sterk og glad som ein
Gud -: no vilde han paa Heimferd! Han hadde drøymt so vænt um Notti; han hadde voret heime, og Ragna hadde voret god mot honom som i gamle Dagar, og Guten hadde kysst honom og sagt Papa! og voret fagrare enn alt fagert paa Jordi. Han vilde heim! Ingen kunde meinka honom aa sjaa att Kona si og Barnet; gamle Provsten var væl vond, men i Grunnen lengtad han og etter aa sjaa honom, og Moer -! Moer -! Ja, han vilde heim. So glad hadde han ikkje voret i alle desse Aar. Gleda gjekk som ein Eldflaum gjenom Barmen, brann bivrande søtt i kvar Led, glødde i Augo og i hans sæle, store Smil; han hadde Feber av Gleda; han vilde avstad i denne Dag! I det same kom Postbudet med eit Brev og ein liten Pakke. Hauk seig attende i Stolen som toreslegjen: Brevet var heimanfraa og hadde svart Segl.
           
Ragna var ikkje meir. - - -
           
Ho hadde i lange Tider voret laak; seinste Vetren hadde ho gjenget som i Ørska. Og no, fyrr nokon ventad det, var ho fari herifraa, trøytt og saar, leid av Livet; Ein fekk fyr Guds Miskunn vona, at ho hadde funnet Fred. - -
           
Brevet var underleg skrivet; Hauk fekk ei kvævande Rædsla fyre, at her lang eitkvart under, som ikkje var sagt. Skjelvande, halvt ifraa seg, reiv han upp Pakken; der laag Ringen, eit Portræt av Ragna, ein Haarlokk og ei Bok, som viste seg aa vera ei Dagbok, førd av Ragna i dei seinste tri Aari. Den treiv han og las, las som i Vitløysa.
           
Boki tok til so: Kjære Eystein, detta skriv eg til deg. Eg kann ikkje tala med deg lenger, eg veit helder ikkje rett, um eg maa senda deg Brev; men det vesle eg tenkjer og liver, det vil eg fortelja deg her so godt eg kann, og so skal du faa sjaa det, naar eg eingong døyr. Kjære min Ven! det er du, som er mitt Liv, og du, som eig meg; difyr skal du og vita, kvat eg tenkte og leid. Daa skal du tenkja kjærlegt og mildt um meg, liksom i gamle Dagar, og daa vil eg sova trygt i mi Grav, naar eg veit at du minnest meg og tenkjer kjærlege Tankar um di arme Ragna.
 
(Meir.)