[Um strenge Vetrar]

Um strenge Vetrar,som det hev voret no eit Par Aar, um ikkje just i Norig, kann me upplysa: Aar 1048 var Nordsjoen so tilfrosen, at Vargflokkar gjekk yver Jutlandshavet fraa Norig til Danmark. 1063 var Thems-Elvi i England tilfrosi i 14 Vekur. 1269 var Englandshavet millom Skottland og Norig og likeins Jutlandshavet heilt tilfrosne. 1292 og 1294 gjekk dei Isen millom Norig og Danmark. 1399, 1407, 1408, 1423 og 1424 var Englandshavet tilfroset, og det fyrste av desse Aari køyrde dei Isen millom Skaane og Pomern. 1408 kom store Vargflokkar til Jutland yver Isen fraa Norig. 1513 og 1524 ferdadest dei med Hest yver Øystersjoen fraa Skaane til Lübeck; paa Isen bygde dei Bordbuder til aa herbyrgera Ferdafolk. 1572 for det endaa Pintseftan Folk yver Isen fraa Sverik til Reval. 1758 gjekk Svenskekongen Karl X Gustaf yver Litle- og Store-Belt med ein Her. 1709 fraus alle Sjoer i Europa, Telen var jamt 4 Alner, Fuglarne datt stivfrosne ned fraa Lufti, og Folk fraus ihel i Tusundtal, i England fraus alle Vokstrar burt, i Frankrik Olje- (Oliven) og i Italia Orange-Trei. Ogso seinare var det mange strenge Vetrar. 1715 var Karl XII buen til aa fara med ein Her yver Isen til Sjæland, men Tøyr hindrad honom. 1719 fraus 4000 Svenskar ihel paa Thydalsfjelli av dei 9000 Mann, som General Armfeldt førde til Throndheim. 1789 reiste dei i Paris ein Snjo-Pyramide med ei Innskrift, som stod i fleire Vikur, og endaa etter Paaske køyrde dei Vedlass paa Isen millom Malmøy og Kaupenhamn; baade Presten og Klokkarne ved ein Kyrkjesamnad i Skaane fraus hitt Aaret ihel ein Sunndag paa Ferd til ei Annekskyrkja. I vaart Aarhundrad er Ettervetren 1812 aa merkja; det var daa den franske Heren for Skeivferdi fraa Russland, og 300,000 Mann og 90,000 Hestar umkom mest av Kulde paa Vegen.