[Svensken]

Svensken,upp-egglad av Plebiscitstaaket og den vitlause Tutingi i Morgenbladet, tek og til aa blanda seg inn i Flag-Spursmaalet no. Som vanleg i slike Tilfelle er han strakst til og smaaskræmer med, at Unionen kann koma i Faare o. s. b. Bjørnson er ingen Ven av Unionen, segjer Aftonbladet; Svenskarne er for stolte til aa halda paa eit Forbund, som Nordmennerne kjenner seg brydde av, meiner Gøteb. Handels- og Sjøf.-Tidning.
           
-Det er so, dei Unionsmerkte vil hava der. Naar me Nordmenn vil hava fram nokot, som ber paa Leid mot større Sjølvstende og Fridom, so egglar dei upp Svensken, og so brukar dei honom til aa skræma oss med. Det er ein nytteleg Ting den same Unionen.
           
Skal det no ganga so vidt, at Norig ikkje skal kunna raa fyr sitt eiget Landsflag utan aa spyrja Svensken? Dersom dei Unionsmerkte held fram paa denne Maaten, so vil dei nok kunna faa det norske Folket til aa leidast av Unionen tilslutt. Detta skulde dei minnast.
           
Dei skulde og tenkja etter, at dersom Svensken verkeleg prøver paa aa blanda seg inn i slike Saker som denne, so vil det berre vera eit nytt Prov paa, at me treng til aa halda oss rake i dei nationale Spursmaal.