Utlandet.

Frankrike. Folkethinget tok fyr seg Amnestispursmaalet den 20de Februar. Det var paa Fyrehaand komet til Semjing millom Regjeringi og den Nemndi, som Thinget hadde sett ned, so Utgangen var gjeven. Etter det Justitsministeren upplyste i Thinget, skulde det vera 1150 Menn, som vart standande utanfyr Amnestien. Mange var rædde, at Styret vilde tøygja seg for langt i denne Saki. Men at det ikkje hev voret alt for viljugt til aa lata seg paaverka av det radikalaste Vinstre, hev det synt paa fleire Maatar: det hev gjort til inkjes Paris-Byraadet si Avgjerd um aa lata til 100000 Frk. til heimattsøkjande Komunardar (Folk som var med i Kommune-Uppreisti i 1871); og det hev talat greidt nog i Grunngjevingi fyr Forslaget sitt. Der heiter det so: Republikken er sterk nog til aa vera mild, jamvel ved deim, som sette Tilværet hans paa Spil, med det same han fekk Liv. Han kan ottelaust gjeva Avkall paa den Tryggjing, som Landsens Logjer gav honom, imot Størsteluten av deim, som var med i Uppreisti den 18de Mars 1871, ei Uppreist, som ved sitt Namn, ved dei Hjelperaader, ho brukad, ved dei Verk, ho gjorde framfyr Augo aat dei framande Tropper, og ved det Maal, som ho strævad etter, stend som eit av dei største Forbrot, som nokotsinn er gjorde imot det folkelege Høgvelde. Detta Upprøret, som Historia aldri vil amnestera (gjeva til), kann helder ikkje den Slegti, som var Vitne til det, gjeva til utan aa vera veik og setja seg i Faare. Men etter at det er gjort Rettvisa Fullnad og vernat um dei vigtugaste Fyremaal fyr eit velskipat og rolegt Statsliv, trur me, at det læt seg gjera aa bjoda Tilgjeving og Gløymsla aat deim, som snarare er aa kalla Villførde enn Brotsmenner, meddi dei let seg riva med av Straumen i slike Høve, at dei kunde forklaara deira Ferd, um enn ikkje orsaka ho, og med di dei var med i detta Høgbrotet mot Fedralandet utan aa rett vita, kvat dei gjorde. Det vil soleids ikkje vera lenge, fyrr alle hev fenget Tilgjeving, so nær sem dei Einskildmenner, som hev gjort seg skylduge i dei styggaste Forbrot, og slike Folk, som sjølve lyser upp høgt og lydt, at dei er Fiendar av det Samfund, som dei vil liva i, og stend etter aa tyna det . . . Det framlagde Forslag, som etlar aa verka roande, soleids som alle ynskjer, viser paa den eine Sida Mildskap og Gløymsla til Bate fyr dei Villførde, men læt paa den andre Sida Førararne og Upphavsmennerne aat Forbrotet verta standande under den rettvise Fordøming, som Kommunen aldri vil sleppa ifraa. I Thinget sette Louis Blanc fram Forslag um full Amnesti fyr Kommunen. Justitsministeren tok til Motmæle. Kommunen var brennemerkt, sagde han; det var den, som fyrebudde Socialistrørsla, og Utbrotet av denne var so mykje faarlegare, fyrdi det kom, medan Fienden var nærhondom. Den aalmenne Meining i Landet var i det heile imot full Amnesti, og Ministeriet kunde ikkje ganga inn paa den Tingen, um so eit større Yvertal kravde det. Dei 1150, som vart utanfyr Amnestien, kunde faa Naade paa annan Maate. Thinget maatte hava Tillit til Regjeringi. Forslaget aat Louis Blanc vart forkastat med 363 mot 105 R. Thinget tok ved Forslaget aat Nemndi (samtykt av Regjeringi) med 340 R. mot 99.