Um Maalstriden i Norig

Um Maalstriden i Norig skriv Bergens Tidende, at det av Menn, som vil ha eit nationalt norskt Tungemaal hev voret uppe tvo Fylkingar, nokre (men faae) Romantikarar og mange ikkje-Romantikarar. Til dei siste reiknar Bladet millom Andre Vinje og Fjørtoft. Fyr deim gjeld det ikkje aa blaasa Liv inn i eit gløymt Maal, men aa faa eit livande nyttiggjort fyr Framstiget og Utviklingi. Og naar Bønderne kjem til aa vinna Part i Kulturen gjenom sitt eiget Maal-Medium og fær Skulebøker og Upplysningsskrifter i sitt eiget Maal, vil det føra til, at Bønder med Daning meir enn til dessa kjem til aa bruka Maalet sitt i Skrift og Tale, nokot, som alt no meir og meir vert Skikk og Bruk . . . Dei fleste av dei Bønder, som hev gjengjet Danskevegen fram til Daning, hev vitnat, at han ikkje er den lettvinnaste (Prof. Sexe, Ivar Aasen, A. Vinje o. m. fl.), og det fær Folk finna seg i aa tru paa. Bladet negtar ikkje, at den Knudsen-Bjørnsonske Tillempingi av det danske Bokmaalet etter den norske Uttale hev praktisk Tydning, so langt ho røkk, men ei slik Tillemping er ikkje nokot Universalmedel, som vil greida Misshøvet i Maalvegen i Norig, meiner Bladet, - og me med det.