Strilelandet - Ein rar Fisk

Strilelandet - Ein rar Fisk. Tvo Menn sette her um Dagen ut sine Linur ved Skorpa (ei Øy ved Krosshamn) og skulde draga dei Morgonen etter. Det drygde ikkje lengje, fyrr dei kjende dei hadde Fisk, og dei lagad Kleppen* 1) til fyr aa langa i Kveita, naar ho kom paa passelegt Hogg. Men det maa nok vera ei rar Kveita, detta-her, sa han som drog, han totte det vart so mistenkjeleg tungt. Med mykje Bal fekk han endeleg Kveita upp i Sjoberkje (Vasstromen, Havflata) og hogg i med Kleppen; men, nei, Kleppen gleid utav. Udyret som dei no trudde det var - lagde daa paa Saam burtetter Sjoberkjet so Morelden hegla taa det, eg du høyrde det pustad nett som ein Kval. Og so skaut det til Botnar. Etter ei hardt Basketak fekk dei endeleg Udyret uppatt andre Venda. No braut Dagen fram, og Udyret viste seg aa vera ein uhorveleg stor og arg Otter. Den eine av Mennerne treiv ei Tofta og vilde tyna Karen, men Otteren slapp laus og sprang paa Sjøen att det beste han kunde.
 
Eg hev høyrt gjetet mange Maatar aa fanga Otter paa; kanskje denne her og kann hava ei Framtid fyr seg! -
-t. e.
 

*1) Hake med Jarnkrok til aa draga inn Fisk med.