Rispur.

Hans i Grovann hadde gjort ei Visa um Bygdarfolket sit; men han Thorkjel med Aana var gløymd. Det likad inkje Thorkjel, og eingong med Kjyrkja sa han det til Hans. Du skal nok faa ditt, svarad Hans, og so kvad han:
 
Thorkjel med Aana i Talet maa vera,
han bere Salomons Vitskap og Magt;
Alle maa Thorkjel lyda og æra
og al Ting skal vera, som Thorkjel hev sagt.
 
 
Fehandlaren Kufoth vilde eingong kaupa ei Ku av ein Mann. Han stod daa der og tingad og tingad og peikad ut alle dei Lyte paa Kui, som han kunde utfinna. Mannen tagde til detta. Men seinstpaa spurde han: Hot heiter du? Kufoth, var Svaret. Aa, Kufot, sa Mannen, ja, eg kunde skyna du var eit Stykke av eit Naut!
 
 
Ein Matros, som hadde skrivet seg inn i Avhaldssamlaget, kam ragande full gjenom Gata og raakad ein av Kjenningarne sine. Naa! sa denne, var det kje du, som skreiv deg inn i Avhaldssamlaget? Jau, Far min, svarad Matrosen, og i Dag gjev eg det afskrækkende Eksempel!
I. I. N.