Morgedal (Kvitseid) Præmie-Skirenn i Telemark

Morgedal (Kvitseid) Præmie-Skirenn i Telemark. No, daa alle Blad hev so mykje aa fortelja um dei Skilaupar-Storverk, som Telemarkingarne og serleg Morgedølarne gjorde der innved Kristiania, lyt eg fortelja litt um eit Premi-Skirenn, som Hr. H. Hitbøen o. fl. med Hjelp fraa Centralforeningen fekk istand her i Morgedal den 1ste Februar; - det skulde vera fyr heile Telemarki.
 
Dessverre vart ikkje Føret av det beste. Eit Par Dagar fyreaat kom det Tøyr, og paa sjølve Dagen var det so leidt Veer at Skidi klabbad, og skulde Ein hoppa nokot langt, so hekk Ein fast naar Ein kom nedpaa att, og daa bar det naturlegvis hovudstup med Lauparen. Det var so avgjort, at dei skulde hoppa utyver ei Rein. Men daa dei skulde prøva, so vann dei ikkje frampaa Hoppet eingong. Dei fekk seg daa ei Laam* 1) fraa Toppen av ein høg Nut, og ned yver den var ikkje annat enn Hopp paa Hopp og Kneik paa Kneik, so der skulde gode Hovud og Føtar til, um Ein skulde greida seg der. Det galdt og mykje paa Skidi. Hadde Ein ikkje stive Ski med grove Gaarar i, var det mest raadlaust aa standa; difyr laut og meste Flokken, um dei var aldri so glupe, bite i Snogen der.
 
Dei som greidde seg best, var, etter som Doms-Nemndi (Bedømmelses-Komiteen( meinte, desse:
 
Aasmund Brekke fraa Morgedal; Olav Drangstveit, Do.; Jon Hauge, Do.; Gudmund Slettemeaas, Ordal; Olav Haugann, Morgedal; Klas Kvalsæt, Ordal; Knut Haatveit, Morgedal; Aslak Drangstveit, Do.; Olav Landsverk, Dalakarl.
 
Av Gutar under 17 Aar var desse dei beste:
 
Olav Haugann, Morgedal; Henrik Florenz, Kvitseid; Torjus Hemmestveit, Morgedal; Jon Breidalen, Ordal; Tarjei Slettemeaas, Do.; Vilhelm Florenz, Kvitseid; Steinar Skjeie, Selljord; Hans Haugann, Morgedal; Gunnar Svenkesen, Kvitseid; Nils Viborg, Laardal; Olav Bergeland, Morgedal; Kristian Grimsgaard, Kvitseid.
 
Der møtte fram Lauparar fraa mest alle Bygder i Kvitseid og mange fraa Selljord og Laardal. Av Tilskodarar møtte ei heil Mengd, og mange var Gjentur; - detta siste gjorde nok ikkje minst til, at Gutarne røynde seg og gjorde det beste dei kunde.
 
Tri Dagar etterpaa var her det beste Skiføre, og daa fekk me istand eit Premirenn fyr Smaagutarunder 13 Aar. Og det maa eg segja, at dei greidde seg framifraa; ja vil dei halda fram som dei stemner, so kjem dei til aa gjera dei Morgedalske Skilauparar endaa meir namngjetne enn dei er. Det var no helder ikkje Meiningi, at Kunsti skulde minka. Nei, veksa skal ho gjenom allstødt friske Ætter!
 
Dei beste av Smaagutarne var:
Olav A. Bergeland - 12 Aar hoppad 22 Al.
Halvor Bj. Brekke - 10 ½ - 20
Kjetil H. Haugann - 12 - 18
Halvor Haugann - 12 ½ - 18
Ivar Bygland - 11 - 19
Olav Brubakken - 12 - 17
Johans Solli - 12 ½ - 18
 Bj.
 
  *1)Spor af noget, som er draget eller slæbt afsted, saasom efter Tømmerstokke i Sneen eller efter Skiløben. (J. A.)