Hyllestad (Sætersdal) Nytt Samlag

Hyllestad (Sætersdal) Nytt Samlag. Me hev her fengje istand eit Samlag, som hev til Fyremaal aa kveikja upp Elsken hjaa Folk til sitt rette Maal, og hellest annat, som kann vera til Gagn. Ei Lista vart sendt utyver som Folk kunde skriva seg paa, og 23 skreiv seg. Til fyrste Møtet kom paa Lag Helvti. Der valdest 5 Styrarar, og av dei vart vald ein Fyremann elder Ordstyrar og ein Kasserar. Kvar Medlem skal betala ½ Kr. Aaret; Pengarne skal vera til Bøker. Samlaget fekk Namnet, Hyllestads Framstigs-Samlag. Fleire hadde imot detta Namnet, daa det lyddest for stort og kunde gjeva Motstrævararne for mykje aa snakka um -: kva Framstig hev de gjort? me ser kje nokot Framstig, o. s. fr. Men paa slikt er det best aa svara, at det er daa Framstig me vil stræva aa gjera; me liver i ei Tid, daa det ikkje samer seg aa ganga attende.
 
Aa ja, Motstrævarar er her nok av enno; men me er daa Gudskjelov komne so langt, at me kann segja til dei: det vert dykk hardt aa stampa imot Braadden.
A. Rysstad.