Fraa Bygderne.

Ryfylke Amtsskule, Eimbaatar. Den største Saknaden me hev havt her i seinare Tider, hev voret det, at me ikkje hadde nokon Skule fyr vaksne Bondegutar. Her var for litet Upplysning og for mykje Mat-Hug, og Livet vil paa den Maaten gjerna siga ned i Raaskap. Difyr kom Amtsskulen svært væl med her, og eg trur han alt hev gjort mykje godt. Det gjeld sjølvsagt um, at han hev duglege Lærarar. T. Mauland er Styrar no, og det er visst mange som ynskjer, at han maatte faa arbeida lengje i detta Yrkje. Men Ulukka er den: me kann ikkje venta, at so duglege Folk vil arbeida lengje i Amtsskulen, so lengje han ikkje er fast. Det er eit uhyggjeligt Liv aa liggja soleids og flakka og flytja; og det er ikkje berre Læraren, som lid ved det, men heile Skulen.
 
Ein Ting, som i ikkje liten Mun hev hjelpt Næringsstrævet her i Bygderne fram, er Eimbaats- ferdi paa Fjordarne vaare. Detta er lett aa skyna naar Ein ser paa Landslaget i Ryfylke. Fjordar i Mengd gjenomskjer det paa kryss og paa tvers; den næraste Byen er Stavanger, som me berre kann naa sjøleides. Det var altid Raad aa koma fram fyrr og, baade med Kretur og andre Varar; men det var med mykje Bry og Braak, so at Samferdsla med Byen aldri vart so lett og livleg som ho skulde vera. No er detta onnorleids. Det er umaateleg, som Trafikken hev aukat i dei siste 20 Aar. Og dermed hev her komet Framgang i heile Arbeidslivet. Med Augat paa detta maa Ein vita dei Menn stor Takk, som fraa fyrsto fekk denne Eimbaatsgreida i Gang.
 
Likevæl er her ein Ting, som knapt kann segjast aa vera stellt paa rettaste elder vigtugaste Maaten. Desse Fjordbaatarne er ikkje innreidde med nokon vidare Tanke paa vaart Tarv. Det ser mest ut til, at Ein berre hev tenkt aa føra paa Storfolk, Neut og Varar. Og endaa er det me Bønderne, som mest brukar Baatarne her. Eg skal fortelja, korleids her er stellt. Salongen elder 1ste Plass tek upp paa Lag halve Skipet. Der skal daa Storfolket halda til. Paa den andre Helvti av Skipet skal Maskinrum, Kokehus, Styrmandskontor og Vinnespel hava Plass; Resten av Romet skal daa vera aat Kretur, Varar og Bønder. Hadde me endaa ein skikkeleg 2dre Plass aa ganga ned paa, so gjekk det an; men nei! eit litet Hol, som snarast kunde sjaa ut til ein Skipsarrest, - det er det heile.
 
Til Grunn fyr detta hev eg høyrt framført det, at Folk paa 2dre Plass er so leide til aa drikka. Men fyr det fyrste er det ravgale aa kjemma alle med ein Kam her. Og fyr det andre drikk væl Folk likso mykje, naar dei skal standa der paa Dekket og frjosa, som naar dei fekk sitja nede i eit hyggjelegt Rom aa hava det som Folk. Og fyr det tredie: kven er det, som i Grunnen hev Skuldi fyr den Fylleskapen, som no tidt gjeng fyr seg paa vaare Eimbaatar? Paa Land gjer Ein alt det Ein kann til aa hindra altfor sterk Utskjenking av sterke Drykkjer; men umbord, der fulle Folk er meir brysame enn nokonstad, hev dei ein Restauratør, som er glad fyr kvar Ølflaska og kvar Drammen han kann faa slaa i Folk. Og detta finn Skips-Eigararne seg i, berre fyr at Restauratøren skal halda Mannskapet billeg Kost! Det burde ikkje vera soleids.
 
Ein annan Grunn er den: Bønderne kann taka fyrste Plass, dersom dei ikkje er nøgde med 2dre. Det er Ingen som forbyd dei det. Nei! dersom Bønderne hadde Raad til slikt! Men det er berre dei faaaste, som kann vera so fluse. Dessutan er det sjeldan hyggjelegt fyr Bønderne aa vera saman med Storfolket. Dei veit fyr det meste, kvat Vyrdnad dei fær der. Her er for mykje av den Slags Daning, som verdset Mannen etter Klædi han gjeng med og Maalet han talar, og som trur, at det kropslege Arbeid skjemmer sin Mann, - iallfall er Stavangerkulturen ikkje komen stort lenger. Og paa den Maaten er det litet Hjelp i aa visa Bonden til fyrste Plass. Denne syrgjelege Klova millom Bonde og Bymann er til Meins her som i alt annat.
l. n.