Fata morgana

Fata morgana. Ein Fjording Veg sunnan fyr Skarhult Gard ved Esløf i Sverik saag dei ut paa Eftan den 2dre Febr. i Lufti ei Deild Fotfolk, uppstelld til Parade. Ein høg Officer trod fram, og Herdeildi gjekk fram. Den høge Officeren reid burt, han, som var til Fots, gjekk derimot med faste Stig att og fram fyr Lina. Ender og daa saag dei eit Hermerkje yver Hovudet paa Herfolket, Troppen gjorde ymse Rørslur, og var stundom huld i ei Sky av Duft. Synet vart set i Aust og stengde Utsynet til deim, som kom køyrande paa Vegen. Heile 15 Menneskjur saag Synet, som varde i samfulle 2 Timar. Fyr 40 Aar sidan saag dei likeins eit Luftsyn av mest same Slag paa Skarhult Gard i dei fyrste Dagar av Februar, og Folk, som no liver, fortel, at dei hev høyrt av Foreldri sine, at det hadde voret eit slikt Luftsyn ogso fyr 90 Aar sidan paa Lag. Den Staden, der dei saag Synet, er flat, og det finnst korkje Sjo, Skog elder Høgder i Naandi.