Storthinget

Storthinget. Møte Maandag 17de. Sverdrups Utkast til Adresse um Herøvingarne vart etter Forslag av Sørenssen yversendt Militær-Nemndi til Innstilling mot 1 Røyst (Rinde). 25 Storthings forslag vart yversende dei ymse Nemnder. Av deim var 4 um Lønstillegg og Pension, 4 um Jarnvegs-, Eimskips- og Kanalsaker, 3 um nye Kyrkjur (Bratnes, Folldal og Levelde Sokn i Aal), 3 um Ettergjeving av Skuld til Rikskassa, 1 (fraa det norske Haandverks- og Industrisamlag) um Tollpaalegg, 1 (fraa Sverdrup og Hjorth) um ny Herordning etter Militssystemet, 1 (ved Sverdrup) um Stipendium fyr H. Ross til Innsamling paa Landsbygdi av Maalto, 1 (ved Sverdrup) um Reisestipendium fyr Prest h. v. J. Belsheim, 1 um Komponistløn fyr Johan Selmer (1600 Kr.), 1 um aa byggja Fyr paa Sendingsskjeri i Staden fyr paa Ytterøyarne ved Kristianssand, 1 um Aalmenningsgrensa i Reindalen, 1 um Skadebot fyr Tap, 1 (av Riksrevisor Berner) um Skyttar- og Idrottssaki, 1 (av Sverdrup m. Fl.) um Hjelp aat Lærarar, som vil vitja ein av Landets Folkehøgskular minnst ½ Aar (4000 Kr.) og 1 (av Hjelmstad) um Statstilskot til Arvesens, Bruuns og Ullmanns Folkehøgskular (Kr. 4800). Deretter Odelsthing, Innstillingar um norske Smaalogjer vart vedtekne og yversende Lagthinget og 21 Logforslag yversende dei ymse Nemnder til Innstilling. Desse var fraa: 1. Jak. Sverdrup um Presteval under Medverknad av Kyrkjesamningarne, 2. Bentsen um Val-Kyrkjesamningar, 3. Hølaas og Havstad (vedt. av Sverdrup) um Brigde i Logjerne um Aalmugskularne og Lærarutdaningi, 4. Krag um Tillegg til Universitetsfundatsen, 5. Dr. A. S. Guldberg m. Fl. (vedt. av Steen) um eit Fond fyr Statens Skular, 6. Venerne (Kvækarne) um den paatenkte Rettarbot i Dissentarlogi, 7. Hurum um Faatøkhjelp ved Bergverk, 8. Berner (vedt. av Sverdrup m. Fl.) um Riksflagdet og Her-Fana, 9. Motzfeldt um Tillegg til og Brigde i Straffelogi, 10. Konow um Brigde i Straffelogi Kap. 9 §§ 21, 22 og 23 (um Høgbrot), 11. Eskelandum Paadøming av smaae Skuldsaker ved Fredsdomstol, 12. Hektoen, Ueland o. fl. um Brigde i Logjerne um Inddriving av Skuld, 13. Igland um Brigde i Lagrettslogi (um Talet paa Lagrettsmenn ved ymse Høve), 14. I. Lorange (vedt. av Øverland um Fredning av Hummar, 15. Andreassen um Fredning av Kval i Finnmorki, 17. Flor um Brigde i Logi 23 Mai 1873 um Avgift paa Fisk til eit Hamnefond, 17. Spilling, Hille m. fl. um Fredning av Hummer, 18 Holm m. fl. um Ekspropriation av Vasskraft til Framstelling av elektrisk Ljos, 19. Sverdrupog Hjorth um Brigde i og Tillegg til Logjerne um Fedralandsforsvarsskylda, 20. Sverdrup um Uppløysing av Borgarkorpsi, 21. Tande (vedt. av Thune) um Brigde i Formanskapslogi. Nokot Logforslag um Rett til aa bera Mundur, som me gat um i fyrre Bladet, er ikkje framkomet.