Brev til mine Kjendingar fraa Seminarskulen.

Takk fyr sist! No er væl største Mengdi av dykk spreidde ut yver Landet, kvar paa sin Kant og kvar i sitt Yrkje. Men eg sit her i denne Avkroken min uppi Sogn, og so fær eg Hug til aa helsa paa dykk. Eg hev ei Bøn til dykk og, maatru, og naar eg skal finna dykk alle, so meiner eg det er best eg sender Brevet mitt med Fedraheimen.
 
Men Bøni mi er denne: Kjære, lat oss halda godt ihop um vaare Ungdoms Tankar, og lat oss agta oss fyr aa verta gamle fyre Tidi! De veit me lovad kvarandre daa me skildest, at me vilde arbeida alt det vesle me kunde til Framhjelp fyr Folket vaart. Lat no sjaa, at me held det! - Eg hev nyst set, kor laakt det stend til med mange av vaare Skulemeistrar, og detta hev støkkt meg so, at eg kann ikkje annat enn senda dykk denne Bøni.
 
No i Joli var eg paa eit Lærarmøte i Sogndal. Der høyrde eg mangt, som eg helst vilde hava uhøyrt. Me hadde 3 Emne aa røda u m. Det fyrste var eit Ord av Jesus i Johannes Evangelium: Røkt mine Lomb! Det andre var um Klagemaali mot Aalmugskulen, og det tredie var um Skulingi i Modersmaal. At dei daa ikkje visste rettare enn at Dansken var Modersmaalet her paa Bygderne, det kann de no tenkja. Men so alt det Trongsyn i andre Spursmaal! Der var t. D. Tale um Pontoppidans Forklaring, og daa det vart nemnt um, at Borni ikkje skulde læra iallfall heile denne Boki, daa kann de tru der vart Humlebøle. Det var Kjættarskap! Daa dei kom innpaa aa tala um Soga, - ja daa skulde de høyrt, kvat Verd Soga fekk. Ein av dei, som er haldne fyr dei likaste Lærararne i Sogn, spurde um Ein trudde, at den Glansen som god Sogeforteljing tendrar i Barne-Augat, kunde segjast aa vera av det gode? Etter hans Meining kom denne Glansen av berre Forvitenskap (Interresse, Lærelyst); men Forvitenskap etter slike Ting var syndig. I ein privat Samtale kunde ein annan fortelja meg, at Soga ikkje dugde til annat enn til aa gjera Folk storlaatne elder ovmodige. T. D. naar Borni høyrde um Olav Trygvason, so kunde dei faa Hug til aa likna Olav Trygvason, og det var daa tydeleg ikkje annat enn Ovmod! Grundtvigsmennerne galdt her fyr aa vera reine Fritenkjarar. Ein var det som sagde, at han mykje helder vilde hava ein Katholik til Lærar enn ein Grundtvigsmann. Chr. Bruun var no ein av dei verste. Eg spurde um dei kjende nokot til Bruun. Javist gjorde dei det; dei hadde leset um honom i Luthersk Kirketidende! Ja men um dei hadde leset nokot av Bruun sjølv, t. D. hans Folkelige Grundtanker? Dei vreid seg fyr aa svara paa detta; men tilslutt kom det daa. Nei, dei hadde ikkje leset den Boki. Ja kvi dei ikkje hadde gjort det? Nei, dei vilde ikkje lesa eit Ord av ein slik Mann. Eg maattelæ, men det var ingen glad Laatt. Herre Gud, detta skulde vera Lærarar! Kven kann so undrast paa, at Bonden held seg utanfyre og stend og sviv i den gamle Ringen, like sæl um alt som Tidi hev uppe?
 
Jamen er her langt fram. Men lat no oss, som unge er, taka i, og halda godt ut! Her er mykje aa gjera; men det, det i Grunnen gjeld, er daa ikkje annat enn det aa faa sprengt den Dammen, som no stengjer alle Tankestraumar ute. Berre me kann halda oss unge, og so halda godt ihop!
Lasse Trædal.