Utlandet.

Det tydske Riksthing vart opnat med ein Trontale av Kjeisaren. Fyrst takkar han Thinget fyr den Hjelpi det hadde ytt til aa faa staggat den socialistiske Uppeglingi. Dinæst heldt han fram, at heile den økonomiske Verksemdi aat Landet hev Krav paa den Studnad, som Loggjevingi um Toll og onnor Skattleggjing kann gjeva, og som i andre Land, som Tydskland stend i Samkvæme med, vert gjeven i større Maal kannhenda. Eg held det fyr mi Skylda segjer han aa arbeida til det, at iminsto den tydske Marknaden fyr den innlendske Avl vert uppehalden so mykje, som semjast kann med vaare sams Interesse, og at Toll-Loggjevingi nærmar seg att til dei velrøynde Grunnsetningar, som i vigtuge Deilar hev vortet uppgjevne i vaar Handelspolitik etter 1865.Trontalen talar um ei Handelssemja med Austrike, som treng Samtykkje av Riksthinget, framleides um Postsemjor og um Logframlaget um Riksthinget sin Refsingsrett yver Medlemerne. Um Pesten er sagt, at dei seinaste Tidender gjev Von um, at det snart vil lukkast aa stagga Sotti, iminsto i Ryssland, ved dei kraftige Fyregjerder, som dette Landet tek. So snart som dette hev stadfest seg, vil Samferdsla vyer Grensa strakst verta sett paa ein Fot att, som svarar til den politiske Venskapen som er imillom dei tvo Grannlandi. Um Austrikes Avkall paa Retten til aa krevja Artikel 5 i Pragfreden sett i Verk heiter det, at det er den Uvissa, som denne Artikelen hev haldet Nordslesvikingarne i, som hev fenget Kjeisaren til aa ganga paa Raad med Austrike um aa faa Artikelen umbrigdt, og fyr Skuld det ymsesidige Venskapshøve millom dei tvo Magterne kom Semjing istand so som ynskt var. Tilslut nemner Trontalen, at den austerlendske Krigen er komen til Ende. Millom Utsendingarne fyr Stormagterne hev det lukkast aa vinna ei Semjing, som ein torer vona vil verta til Vernd fyr dei Kristne og til Tryggjing av Freden baade i Austerlandi og i Europa. Ved Berlinsemja er det vunnet Stadfesting av det fredlege Høve til framande Magter, og det skal vera Tydsklands Fyreloga aa styrkja detta; dertil vil Kjeisaren bruka den store Magti, som er vunni ved tydsk Eining. Paa Tal um Riksthingsstraffelogi, so skal det ikkje vera Syner til, at det vert nokot utav heile Uppstyret. Dei sudtyske Regjeringar skal vera reint imot ei slik Log, og Sambandsraadet hev gjort slike Umbrigde i Framlaget, at Brodden er utorteken, og det, som att er, vil ikkje Thinget taka ved, naar det kjem utanifraa.
 
England fører fyr Tidi ogso ein Krig med Zulukongen Cetawayo. Engelsmennerne hadde i Fyrstningi Yvertaket i eit elder kannhende fleire Smaaslag; men sidan hev Lukka vendt seg; dei hev truleg gjenget for fust fram. Zulukaffarne er djerve og duglege Krigarar og er mangmennte imot Engelsmennerne. Eit Telegram fraa Kapstaden av 27de Januar meller, at ei engelsk Avdeild (24de Regiment) hev lidet ein stor Usiger ved Tugela-Elvi; Zuluarne tok Fana aat Regimentet, store Forraad, 2 Kanonar, 1000 Riflor, og drap 60 Officerar og 500 Mann; Resten av Regimentet vart reint uppriven. Engelsmennerne skulde etter Krigsplanen falla inn i Landet i 4 Kolonnor; det stod 3 av deim i Natal, og ei i Transvaal; det er den tridje under Oberst Glyn, vinstre Fløyi av Natalheren, som hev tapt.