Lysingar

Guion-Lina til Amerika.
 
Denne Lina er namngjeti baade i England og Amerika og hev i dei 30 Aar, ho hev voret i Fart, yverført 1,000,000 Menneskje utan aa tapa eit einaste Liv ved Uheppa; detta meiner eg viser, at Guion-Lina baade hev duglege og varsame Folk og sterke, gode Skip.
 
Desse Skip, som gjeng med Eim og alle er under 10 Aar, er av fyrste Slag, namngjetne fyr Snøggleik og fyr aa vera gode Sjøskip, og dei er No. 3 i Storleik av alle dei 9 Linur, som no gjeng paa Amerika. Prisen er den same paa alle Linur.
 
Ein kann skriva seg inn hjaa Agentarne mine kringum i Bygderne; i Nidaros hjaa Kaupmann J. M. Hagen i Bjørgvin hjaa Storhandlar Ludv. Lütken, i Stavanger hjaa Kaupmann Haabeth, i Kristianssand hjaa Agent Thomas C. Hansen og i Kristiania hjaa M. A. Lea.
 Store Strandgata 4.
 
Fedraheimen
 
eit frilyndt Folekblad paa norskt Maal, kjem ut i Kristiania kvar Onsdag og Laurdag og kostar med Postpengar 2 Kr. 20 Ø. fyr Halvaaret. Det inneheld: Forteljingar (nye og umsette), Dikt, Folke-Eventyr og Segner, Avhandlingar um Dagsens Spursmaal, Reise- og Naturskildringar, Skule-Artiklar, Brevsendingar, Nytt fraa Innland og Utland, ledige Lærarpostar,Rispur o. m. Ymse Stykkje er paa Bygdemaal.
 
Dersom Ein tingar og betalar fyr heile 1879 no strakst, kann Ein faa heile Aargangen 1878 fyr ein Pris av Kr. 2.40, so langt Upplaget rekk. Betalar Ein fyr 6 Ekspl., fær Ein det 7de fritt. Prøve-Nummer kann Ein faa, naar Ein skriv um det til Ekspeditionen. Brev um Prøve-No. er ikkje portofrie.
 
Ein kann tinga Bladet paa alle Posthus og Brev til Fedraheimens Ekspedition, Kristiania Pengar maa fylgja.
 
- Naar du sender Pengar til Fedraheimen, so faa altid Postkvittering fyr dei. Dersom daa ikkje Bladet kjem um ei 14 Dagars Tid, so skriv til Ekspeditionen um det, og send Kvitteringi, so skal Eksp. sjaa aa gjera Greida.