Hr. Apothekar Thaulow.

Eg hev set av Bladi, at De tenkjer paa aa gjeva 400,000 Krunur til Framgang fyr Almenvellet. Detta er eit Storverk, og eg skulde ynskja at De hev likso god Lukka til aa bruka desse Pengarne godt, som De hev Hjartelag.
 
Det trengst Lukka til aa finna ut, kor Pengarne trengst mest, for her er mykje, som ankar seg i Armodsdom og skrik etter Hjelp. Norigs Sveitte vart i fleire Aarhundrad brukat til aa hjelpa upp ein framand Industri og eit framandt Aandsliv. So skulde me standa paa eigne Føter etter 1814, og, utarmade etter ein lang Ufred og etter tvo Statsbankerottar, byggja upp fraa nytt, det som andre hadde havt i lange Tider, i Samlag med eit mykje megtigare gamalt Kulturfolk. Naar ein tenkjer paa detta, skulde ein døma nokot mildare um oss, um me var dugeleg til Atters paa Pariser-Utstellingi, og um me inkje hev fenget ein national Vitenskap endaa. Det er inkje litet det, som alt er gjort. Men skal me naa fram eingong og inkje stansa paa Halvvegen, trengst det tri Ting: Pengar, Pengar, og Pengar, og kvar den, som vil hjelpa til her, gjer sanneleg ei god Gjerning.
 
Det hev fyrr voret Norigs Ulukka, at det inkje hev havt ein Samfunds-Klasse, som kunde halda Sjølvstendet uppe. I vaar Tid, daa det inkje spyrst um Stænder lenger, treng me stor Upplysning og rikt Aandsliv, skal me halde oss jamsides med Sverik og Danmark. Men det ser inkje ljost ut. I Sverik, f. Ex., er Seminartidi lenger enn her, det vil segja so mykje som at det svenske Folket fær betre Upplysning. Det vil snart vera Slutt med den Tidi, daa me kunde setja i Lærebøkerne vaare, at Nordmennerne i Henseende til Almeenoplysning have opnaaet et høit Trin blandt Europas civiliserede Nationer. Tyskland er langt framum oss, og um faa Aar vil Frankrike og Belgia og vera langt framme, medan me hev for mange Fordomar og for litet Pengar til aa fylgja med.
 
Med den høgre Upplysning og Kunnskap ser det helder inkje godt ut. Flestalle av Studentarne vaare er fatige og lyt stræva hardt fyr Føda. Dei fær liti elder ingi Tid til aa lesa nokot utanum det som trengst til Eksamen; hev dei Gaavur til eit elder annat, kann dei inkje utvikla desse, alt gjeng upp i Eksamens-Strævet. Naar dei so fær Eksamen, hev dei stor Gjeld aa betala, og so lyt dei koma seg i Embætte so snøgt som mogelegt og so er det inkje lenger Tale um aa halda fram med Utviklingi si, for Embætts-Løni er so snaud, at alt Aandsliv maa skrokkna ihop og dovna av, naar ein kjem i Statens Baas. So gjeng det med dei aller fleste. Desse Embætsmennerne skal lyfta Folket upp! Og me ser, kvat detta fører til. Endaa er me inkje komne so langt, at Diktararne vaare kann prenta Bøkerne sine her i Landet. Me hev ein og annan stor Diktar, men kor er Underskogen? Utviklingi hev voret for snar, segjer dei, so det hev inkje voret Tid til aa gro upp fyr Underskogen (elder danne sig Skoler umkring Diktararne). Eg trur helder det kjem av di, at den Diktargaava, som finst her og kvar, og den Aands-Gneisten, som kunde lysa fyr Landet, naar han fekk Næring, sloknar i Matstræv.
 
Lat meg nemna Maalreisingi vaar og. Ingen hev Raad til aa arbeida i Lengdi fyr den. Ei heil Mengd hev alt offrat seg upp, og det gjeng fælande smaatt.
 
Etter kvart som vaare Stormenner i Politik og Vitenskap døyr, vert det vanskelegt aa faa nye i Staden. Detta vil nok ingen negta; men her ligg ein uhorveleg stor Faare fyr Landet, og her trengst Hjelpi allermest.
 
Vert den høgre Upplysningi klen, vert den lægre og klen. Den høgre vert ei provinsiel Naudberging fyr Embættsmenner, og den lægre ei Uppøving i Dansk og Dogmer.
 
Der er inkje hugsamt aa likna ihop Norig og Danmark i Upplysningsvegen. Inkje Land hev etter Folkemengdi so mange Diktarar, Vitenskapsmenner o. s. fr. som Danmark, inkje fyr di Dansken er gaaverikare enn andre, men fyr di: paa Regensen hev 100 Studentar fritt Upphelde og Pengehjelp. Attaat detta hev 150 Studentar so mykje Pengehjelp, at dei kann liva. 150,000 Krunur um Aaret gjeng med til Framhjelp fyr Studentar. Kor mykje det er her i Norig, veit eg inkje visst, annat enn det er so litet, at det er knapt Helvti av ingenting.
Av Upplysning kjem Framgang og Vælstand. Det er væl og vakkert aa gjeva Pengar til moralsk fordærvede Børn, Embedsmænds ugifte Døtre, og slikt, og eg vil inkje telja nokon fraa det; men ein skal inkje gjera det til Hovudsaki, det vilde vera aa taka Tingen fraa den range Enden.
Hovudsaki er aa hjelpa paa Upplysningi.
 
Det er inkje mi Meining aa læra Dykk, Hr. Apothekar, kvat De skal gjera med Pengarne Dykkar; ingen vitug Mann gjev burt 400,000 Krunur, mindre han hev gjort upp med seg sjølv, kvat han vil gjeva dei til. Eg skulde berre ynskja, at andre Rikmenner vilde gjera som De, og at baade De og andre maa hava Lukka til aa gjera godt, so visst som de hev Hug.
X.