Hr. Ø.

Hr. Ø. fraa Sunnhordland hev i Fedrh. No. 11 og endaa fyrr i eit Brev komet fram med ei Von um, at Haugemenn og Grundtvigsmenn med Tidi skal semjast ihop. Han skreiv det fyrst, fyrr han hadde tenkt det, og sidan hev Tanken fest seg, lyest det. Sannt aa segja hev nok Skrivaren latet Tankarne laupa buvildt med seg, naar han etterpaa leiter fram det som han skulde bygt paa; for slikt er aa byrja i galne Enden.
 
Det kann ikkje vera minste Von um, at dei tvo Lærestemnurne skal verta eit, ikkje utan ei av dei vil gjeva seg upp sjølv. Dei er runne av kvar si Rot, og difyr kann dei ikkje semjast i Toppen.
 
Segjer kje Grundtvig, at der etter Syndefallet er ein Rest av Guds Bilæte att i kvart Menneskje, og dermed bur det ein Gneiste til Sjølvreisning paa Botnen? Hev kje Grundtvig sett den fremste Frelse-Raad i Daapen og Nattverdi framfyr i Bruken av Guds Ord?
 
Men Hauge og hans Folk hev det so, at Mennesket er i Grunn og Botn øydelagt (fordærvet), og at Gud i Ordet sitt hev gjevet den einaste Hjelperaad til Uppreisning fraa Fallet.
 
Det er nok ingen Grundtvigsmann og helder ingen Haugemann, som vil fira paa detta. Og gjer dei det paa nokon av Sidurne, so er dei korkje Grundtvigsmenn elder Haugemenn lenger. Eg skal nok gjeva Skrivaren Rett i, at der paa dei ymse Sidur væl finst dei, som hev sleppt Vitnemaalet sitt og gjenget yver fraa den eine Uppfatning til den andre; men dermed hev Ingen Rett til aa segja, at sjølve Stemnurne semjast.
 
Der er meir i Brevet, som er galet; men detta er det galnaste. Resten kann liggja fyr meg.
 
Sunnanfyr Sunnhordland i Februar 1879.
Ein Ø til.