Festen til Minning av Federne

Festen til Minning av Federne vart halden i Kristiania den 11 Febr. Fru Laura Gundersen framsagde ein Prolog av Kand. jur. Kr. Randers, Redaktør Erik Vullum heldt Festtalen, Rektor Steen talade fyr dei Nordmenn, som i det siste Aar er burtgjengne, Fullm. Th. Boeck fyr dei daane Svenskar og Danskar og Landsdomar F. Roll fyr dei unamngjetne Daane. Millom Talarne var Song og Musik. Festsalen var smakfullt prydd. Paa Tavla yver namngjetne Daane var uppførd desse Nordmenn: Per Bø, J. W. Cappelen, Fr. Crawfurd, O. J. Fjørtoft, P. L. Hærem, N. C. Irgens, M. Krohn, G. A. Lammers, U. F. Lange, J. v. d. Lippe, P. T. Malling, H. T. Meinich, Siegw. Petersen, C. J. Schiwe og Hallv. Schou. Bland dei Daane er ogso tvo-tri Maalmenn. I Rektor Steens Tale heiter det bl. A.: Ei mindre dvæle vi i Tanken hos dem, der har været den aandelige Samfærdsels Mellemmænd og derved spredt Oplysningen videnom og vakt en Sag, hvis Frugt om endnu gjennem Gjæring og Strid aabenbarer sig i Kjærlighed og Agt for Aandens Gjerning med højtlagte Idealer.