Ein Fritenkjar.

Ein Fritenkjar.
 Ei Forteljing or Samtidi.
 
 XV.
  
 (Framhald.)
 
”Veit du kje det, din General-Tosk”, sagde han, ”at Huldri hev Hale? Det Kvindfolket, du i Dag gjer til Gud, held du um eit halvt Aar fyr ei Gaas. Lat Daararne gifta seg, Gut! kom du og ver vis!” ”Takk!” sagde Hauk, ”eg held meg til Daararne.” ”Hm!” sagde Breide, ”du skynar meg ikkje. At du held det Kvinfolket der uppe fyr eit Ideal, det er væl nok; det er ikkje det, eg hev imot; for det er altid godt aa hava eit Ideal i denne Verdi; men Daarskapen er, at du vil gifta deg med Idealet!” – ”Eg held meg til Daarskapen,” smilte Hauk sæl. – ” Gifta deg med Gaasi!” – Hauk berre lo. – ”Og dersom no Vaarherre vælsignar Gaasi med . . . Etterkomarar, kor gjeng det so?” – ”Aa, me kjem nok ut av det.” – ”Ut av det? – Ja, ut av baade det og alt. Høyr no her, min høgvyrde Hr. Idiot! Gift deg fyr meg so lengje du vil; men gjenom det Egteskapet kjem du til aa surra deg fast med tusund Reip til den gamle riktande, rotne Samfundsmaskinen, og den kjem til aa riva deg og slita deg med sine tusund Tenner, til du heng der og dinglar som ein skoten Kobbe og er ubrukeleg til alt. Detta er Aalvor, og du skal eingong sanna mine Ord. Farvæl! God Moro millom Daararne!”
 
Hauk var so glad, at han knapt nok forstod slike vonde Spaadomar. Han skreiv eit eldfullt Brev til Ragna og takkad henne med brennande Ord, for ho hadde gjort honom so glad i Livet. ”Og no fer eg strakst heim og steller til Brudlaups. Fyr di Skuld, og fyr Faer og Moer med, tek eg kyrkjeleg Vigsla; men du veit det er ikkje d e n, me byggjer vaart Egteskap paa. Vaar eigen Elskhug er det einaste Grunnlaget, som her hev Rett og Sanning, og eg meiner det Grunnlaget skal halda ut.” –
 
Detta Brevet gav Ragna Vissa paa, at Hauk var Fritenkjar. Men no var ho mest glad ved det; for ved di var det, at ho fekk nokot aa gjera i Livet.
 
 
XVI.
Gamle Provsten Hauk vart ovglad, daa han høyrde, at Son hans hadde fest Ragna Vangen. ”Det er bra, Gut!” sagde han, ”det beste, du kunde gjera!” Og Moeri meinte det same. Det vart reint Høgtid i Provstehuset den Kvelden.
 
”Og no tek du væl din theologicum,” meinte Provsten og klappad Son sin paa Aksli. ”Aa – hastar ikkje,” svarad denne. ”Hm? gifta deg fyrr du fær Eksamen?” spurde Provsten. ”Duger ikkje, Gut! duger ikkje! Det vert altid upp i Fusk med slikt. Nei Far, Selen paa no, og so Lasset upp fyr Brekka med same. Hm?”
 
Hauk var i si verste Beit. ”Ja ser du, Faer,” sagde han, ”i dei fyrste Aari hev eg ikkje Bruk fyr denne Eksamen. Og eg veit i Grunnen ikkje, um eg fær Bruk fyr ’n nokon Gong. Det stend paa, koss det gjeng med detta andre. Men – dersom eg eingong ser, at eg kjem til aa faa Bruk fyr theologisk Eksamen, - naa ja, so riv eg ’n fraa meg paa eit Aars Tid. Det lagar seg nok.”
 
”Hm, høyr, Eystein,” sagde Provsten. ”Du skal ikkje riva fraa deg den theologiske Eksamenpaa eit Aars Tid. Du med dine Gaavur skal hava præ* 1). Fyr det fyrste kann du daa koma fram i Verdi. Og det hev ikkje litet paa seg det. Hm?” - ”Aa, det finst væl altid det, som var verre aa vera enn Bisp,” meinte Eystein med ein Smil. ”Godt, godt!” sagde Provsten. ”Og fyr det andre so treng Kyrkja i vaar Tid dugande Menn. Uppløysningsmagterne reiser Rygg rundt ikring, i Politik, i Theologi, i Vitenskap, i alt; endaa her hjaa oss høyrer me Røyster, som kjem fram med nedrivande Tankar, ja som tek paa sjølve Statskyrkja - hm? Ja det er fælt . . . Og Kyrkja hev ikkje mange Stormenn i denne Tid. Dei er snart talde dei, som Ein kann segja lyfter seg uppyver Tylvti. Difyr trengst her einkvar ung, sterk Mann, utbudd med stor Daning og Kunskap, og med Skrive- og Talegaavur av høg Rang, ein som kann tyna ned alt detta Satansherket, og samla Kyrkja i sin gamle Storleik til eit fast Murverk mot alle desse Avgrunnsmagter, som ligg og bryt og kokar der ned i Folkedjupet. Hm? du forstend? – Det vilde vera eit Arbeid, som kunde adla sin Mann! - Det var nokot fyr ein Idealist som du! Hm -?”
 
Hauk vart tung um Hjartat ved detta. Men han laut halda seg. ”Slikt Verk ligg langt yver ein Manns Magt,” sagde han. ”Ein Manns Magt?” ropad Provsten. ”Nei høyr, Gut. Just i ein Mann er det, Krafti maa samlast, just paa ein Mann er det, Verket maa leggjast; aldri vart eit Storverk gjort av ein Korporation *2), og aldri vart Verdi reformerad av ei Generalforsamling!” – ”Sannt nok,” sagde Eystein. – ”Javisst er det sannt,” meinte Provsten.
 
”Eg lyt fyrst røyna ut, kor langt eg kann koma med det eg no hev faret til med,” sagde Eystein; han vilde burt fraa Emnet. ”Kunde eg driva det upp til aa verta ein god Bladmann, so hadde eg vunnet meir enn um eg vart Bisp.” – ”Pøh!” bles Provsten og slog ut Pipa si, ”Nei, Gut, det vert du snart leid av. Vera Bladmann er aa vera Træl; du trur du er Styrar av Dagsens Straumar, og just so er du berre eit Tutarhorn fyr dei Tankar og Meiningar, som til kvar Tid er
uppe. Men hev du ein Tanke, du sjølv vil hava fram, so – Takk skal du ha! – so hev Publikum annat aa tenkja paa. Du kann leggja all di Sjæl inn i eit slikt Arbeid, og du kann vera so dugleg du vera vil – pøh! ”Han skriv godt fyr seg, den Fyren!” segjer Publikum, og so gjeng det sin Veg. Nei! den som vil faa nokot fram i Verdi, han hiver Pen og Papir og gjeng inn i det Praktiske; det er mi Røynd.”
 
Hauk hadde vortet aalvorleg. ”Du hev ymis Rett her, Faer,” sagde han, ”og eg hev sjølv tenkt det same. Naar Ein ser paa desse Bladmennerne vaare, ser, kor loslitne dei ser ut baade i aandeleg og ofta i utvortes Meining med, kor trøytte og ’matleide’ dei gjeng der og trælar, utan Tru paa Folket og ofta utan Tru paa seg sjølve med, men syndleg bundne til Kjærra og Partiet, - naar Ein ser slikt, so kann Ein nok verta rædd. Men, kjære Faer, - kor mykje utrettar no dei, som gjeng inn i det ’Praktiske’? Kvat utrettar ein Bisp, t. D.? -
(Meir.)
 
*1) Utmerkt, - beste Karakteren.
*2) Samlag.


Frå Fedraheimen 15.02.1879
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum