Bondens Bok- og Skrivemaal.

Du norske Bonde, kvi kann du inkje skriva fyr deg? Vil du skriva eit Brev, um det er ’kje meir hell eit litet Kravbrev, so lyt du avstad til Lensmannen, Skulemeistaren hell ein annan skrivefør Mann i Grendi aa faa dei til aa skriva det fyr deg. Det vantar ’kje paa det, at du kann tala fyr deg, naar du bare trur deg til, og det baade fermt og kringt, men skal du setja det ned paa Paperet, so kjenner du, det vert nokot Tust, og so læt du det helder vera. Tenk no etter, du snodige gode Bonde, kvat Grunden er til, at du inkje liksolett kann skriva ned Meiningi di, som du kann segja ho med Munnen. – No vil eg prøva aa segja deg mi Meining um den Ting. Fyrst du hev no nokot i Hovudet ditt, som du veit greidt, so er du aldri i Beit fyr aa finna Ord til Meiningi di, so at Son din hell Far din kann skyna, kvat du meiner um du segjer det til dei. Er ’kje det sant? - Hev du no lært den simple Ting aa skriva Bokstavar ihop til Ord, og det kann du mest – so maatte det daa vera uvandt aa skriva ned dei Ordi, som tyder Meiningi di. Jau segjer du, det tykkjest so vera. Ja, men endaa kann du det inkje. Koss er det lagat? Det heng so ihop, at fyrst du vil skriva Tankarne ned, so vil du bruka nokre andre Ord hell dei, som du heve Meiningi di i Hovud i. Men i di du skal hava Meiningi inn i dei nye Ordi paa Paperet, so legg ho seg i Ussur fyr deg; det vert nokot Klubber og Vas av det. Naar du so hev skrivet nokre faae Linur, so hev du gløymt burt, kvat det var du vilde segja fyrst, og kvat det er du hev skrivet, og dermed kjem du til aa tøva upp att det same og det same. - Um du kanskje kann skriva noksaa greidt ein Ting, som du heve lært ei Form til utanbokes, f. Eks. ei Skjøte, Handelskontrakt o. s. b., er du kanhende like raadlaus, fyrst du skal gjeva dine eigne Tankar ei ny, fri Form paa Paperet. – Var det ’kje meir handhøgt, um det eingong kunde verta so, at du fekk Lov til aa skriva endeframt, som du talar? Meiner du inkje, det vart greidare og forstaaelegare med all Lærdom og Skrivning, fyrst det gjekk paa Heimemaalet? – Ja, men koss skulde daa ”Øvrigheiti” skyna det, segjer du. Øvrigheiti vaar er inkje so tuskutt, maa du vita, at ho inkje skjynad godt, det du skreiv i dit eiget Maal. Det er studera Folk Øvrigheiti, som er vellærde i Spraak; dei kann baade tysk og fransk, og so kann du nok vita, dei kunde forstaa dit norsk, bare du sosant talad og skreiv det reint og beint til. Um det skulde hende, det var ein hell annan, som var tver av seg og letst, som han inkje skjynad det, so er kje slike aa vyrda nokot; kann dei det inkje, so var det daa inkje fortidleg, dei lærde Maalet aat det Folket, som dei er Øvrigheit fyre. Er kje det sannt, at du Bonde hev tyngre og mindre Stunder til aa læra deg upp i Maalkunskap, hell dei, som er lærde og hev gjenget paa gode Skular, fraa dei var smaa? Ja, men so er Maalet ditt so stygt og trumpeligt, segjer du; Bymaalet er mykje snaalare og finare. Der kjem me til det leidaste um vaart Folk; det skjemmest fyr seg sjølv. Sit no roleg og les dette med Tanke! Fyrst lyt eg daa segja deg, at det er Faavit aa tenkja og tala ille um sitt Eiget. ”Det er klein Fugl, som skjemmer sitt eiget Reid.” Det er Sanningi, som er drjugaste, og den lyt gjelda her. Det er daa vel sant, at det Maalet, som Mor di lærde deg til aa tala, det fekk du fraa henne til Arv og Eigedom. Naar du talar i det, so er du hugheil og trygg paa, at du stend paa eigen Grunn og segjer kje meir, hell du veit.
 
Det kann godt vera, at andre Maal er vænare held ditt, og at Bymaalet og er vænare; men det, som inkje er ditt, det e r ’kje ditt, og du kann inkje ustraffad taka det. Hev du aldri kjent nokot leidt, skamfullt i deg, fyrst du hev viljat voret fornæm i Talen? – Det var det fjorde Bod, du kom paa Kant med. Kleint maa me segja me heidrar Far og Mor, fyrst me vanvyrda den fyrste og beste Arven, dei gav oss. Var det inkje likare me tok deira Maal og elskad og stelte med det so, at det og kunde verta fint og fagert, um du skulde tykkja, det inkje er det? Striden, um det er vænt held stygt, er narreleg. Gud hev gjevet kvart Folk sitt Maal, og alle er dei like gode fyr honom. Lat bare ei god Aand faa Maalet i Bruk! Hellest segjer no lærde Folk, at det norske er eit av dei fagraste Maali. At so mange av det norske Folk tykkjer Maalet er stygt, kjem utav det, at det no i tri fire Hundre Aar heve voret jagat ut or Kjyrka, og Thingstova og or Bøkerne som eit raat og grovt Kvardagsmaal. Mest alle dei heilage Ting, me heve lært og høyrt, fekk me i danskt Maal. Av dette er det som fastgrodt i oss, at det laante Maal er meir aandeleg skjikkad enn vaart eiget verdslege Kvardagsmaal. Til Dømes Ordet Daude. Aa bruka det um Folk tykkjer du er fælt; det er passelegt til Kretur og Umenne; det maa inkje koma innafyr Kjyrkeborgi, der det er heilagt; daa lyt det vera ”Døden”. Skilnaden paa dei tvo Ordi er, at i det fyrste stend au, og i det andre ø, det eine etter ein norsk, det andre etter ein dansk Maal-Lov, den eine heilag, den andre vanheilag fyr sume. Paa tysk heiter Ordet ”Tod” og paa latin Mors. Alle desse Namn paa ein Ting maa vel vera like gode i seg sjølve, veit eg. – Tor me tala um, at nokot Spraak er heilagt, so er det vaart Modersmaal. Er det difyr rett, at me læt vaart eiget Modersmaal liggja nede i Vanvyrding, og at me lærer vaare Bonn upp i eit framandt? Alle andre Maal i Verdi, Negermaal og Sulumaal, ere gode nok til aa taka upp til aandelegt og heilagt Bruk, men det stakkars norske skal liggja nede i Søyla, vanvyrdt av dei, som eig og talar det og av dei, som burde tala det.
 
Nei vist, segjer du, det er sant og vel nok det, men kvat er daa fyr eit Maal, me skal bruka? Er det Sætismaal, Telemaal, Vestlands held Austlandsmaal? Fyrst vil eg daa segja til deg, at du skal passa paa det Maalet, som du heve paa Tunga di, avdi det er norskt og det, du best skynar. Kvar Bygd bør hava sitt eiget Maal i Fred. I alle Land er der Avbrigde i Maalet paa dei ymse Stader, liksovel som det er Skilnad paa Naturen; det er etter den Maalet i stor Mun lagar seg. Altso lyt det vera Avbrigde i Flatbygds og Fjeldbygsmaalet, bare Roti, Draget og Laget er eins, og so er det her i Landet. Det er Vasesnak aa tala um, at her er fleire Maal hjaa det norsktalande Folket, um her enn er fleire Maalmakslar. Det er nok so, at Ord, som kann vera i Bruk paa ein Kant av Landet, inkje er kjende ein annan Stad; det kjem av, at Maalet inkje heve voret brukt til Skriftmaal, og soleids heve sume Ord vortet innestengde i visse Bygder og gløymde i andre. Um so desse Ord gjekk upp i hundradtal, gjer ’kje det Maalet til inkjes.
 
Hengjer me oss no inkje fast i Bokstavar, so maa me daa skjyna, at det er det same norske Maalet, enten det er skrivet i Sætisdalsmakselen, Sundmørsmakselen held ein annan Landsbygdmaksel. Det store Hovudspursmaalet her maa me daa vel kunna fata, er me ’kje galne, og samla oss um det, og det er aa hjelpa upp att vaart gamle nedtrakka Modersmaal. Lat oss no inkje vasa oss inn i Staveslagsmaal – det kann Dagdrivararne gjera og gløyma det, som her gjeld. Les det, du ser skrivet paa norskt, so likt, du kann ditt Talemaal, so forstend du det, og andre, som høyre paa deg, og. Inkje pin det ut etter Bokstavarne, men etter, ”den Lov, som ligg i Tunga di.” Det er kje stort likare med Makslarne paa Bokmaalet; men det er me vande med aa lesa, so me gaar kje at. Me skal inkje syta fyr aa faa ein landsgyldig Maalmaksel, naar no so langt lid, at me treng til honom. Me heve so godt Emne aa gjera av.
N. N.


Frå Fedraheimen 15.02.1879
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum