Bør me kaupa Ayrshirekjyr?

Eg ser i ”Beretning om Det Kongl. Selskab for Norges Vel” fyr 1877 Side 87, at den likaste Kui av ”Ayrshireracen,” hjaa Propritær Krohn paa Aarø, ikkje hev mjølkat meir hell 1,305 Pottur i 1877. Side 93 ser eg, at Amtmannen i Søndre Trøndelagen vil krevja Pengar av Storthinget til Upretting af eit ”Stamhollænderi” af Ayrshirebuskap.
 
Paa min Gard Nøstvik i Velfjoren (Haalogaland) hev eg 5 Kjyr. Eg hev ikkje mælt Mjølki fyr kvar Kjyr serskilt, men all Mjølki ihop, og eg hev daa i 1878 fenget 7,904 Pottur Mjølk; det vert 1,580 Pottur fyr kvar Ku. Naar soleis ikkje ei Ayrshireku mjølkar meir hell ei god Velfjordku som er godt ”heilt”, so skynar eg ikkje annat enn at det er berre aa kasta Pengar burt aa kaupa av det Slaget.
 
Nøstvik 1 Februar 1879.
Jakob Nøstvik.
 

Frå Fedraheimen 15.02.1879
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum