Utlandet.

 
Sidan fyrre Fedraheimen kom ut, hev det i Frankrike gjort seg eit langt Stykkje Soga; det gjeng ingen Stad so skjott som der, og ikkje kann det helder nokon Stad ganga meir stillt og sømelegt fyr seg, enn det no hev gjort i Frankrike. Den 30de Januar sende Mac Mahon eit Brev til Formennerne fyr baade Thing, og det Brevet innheldt dette: Han er ikkje i Samkjøme med Ministeriet, kann ikkje skipa til nokot nytt Riksraad og vil ikkje gjera Tiltak, som er faarlege fyr Lukka aat Landet og eit godt Herstell; difyr legg han ned i Henderne aat Thingi den Fullmagt, som er honom fortrudd av Folkeforsamlingi. Brevet vart i Folkethinget motteket med Togn. So møtte Medlemerne av baade Thing i Samstemna til Val av ny Riksformann same Eftan Kl. 4 ½ . 710 Røystrettuge var tilstadar. 670 Røyster vart tekne fyr Gilde. Formannen i Folkethinget, Advokat Jules Grèvy, fekk 563 Røyster og General Chanzy 99. Grévy vart strakst med stormande Samtykkje utropad til Formann fyr Republiken paa sjau Aar. Folkethinget valde Gambetta til sin Formann med 314 av 405 Røyster. 67 Røystesetlar var blanke elder ugilde. . Baade Thingi hev sett upp Møti sine til Torsdagen kjem. Grévy kjem med Bodskapen sin i denne Vika. Gambetta, som er Formann i Budgetnemndi, vil ikkje taka Formannssætet, fyrr enn Budgettet er framlagt. Den 1ste Februar bar Dufaure upp fyr Riksraadet at han vil ganga av. Paa alle Motmæle herimot svarad han, at den nye Stelling kravde nye Menner. Det er ikkje sagt, at det elles vert stort Mannskifte i Riksraadet.
 
Det nordslesvikske Spursmaal skal no etter eit Telegramm fraa Wien av 3dje Februar vera avgjort paa den Maaten, at Austrik-Ungarn og Tydskland hev samst um, at fyrstnemnde gjev upp sin Rett etter § 5 i Pragfreden til aa krevja Nordslesvik attgjevet til Danmark etter aalmenn Avrøysting.
 
Pesten gjev seg, segjer Tidenderne fraa Ryssland. I Landsbyen Vetljanka, der han fyrst kom upp, var det den 30de Januar ingen sjuk, og hadde helder ingen boret i dei sidste 10 Dagar. I Selitza skulde det vera 8 sjuke, av dei vart 6 fengde den 30de Januar ved aa koma nær Folk, som hadde Sotti. I Byen Astrakan og paa alle Fiskeplassar ved Volga er Helsefaret heiltupp det same som fyrr (?).
 

 

Frå Fedraheimen 05.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum