Um Slaget ved Matran

 
stend det i ”Fedrh.” No. 7, at Gabriel Hamar var med ”bland dei 180 Nordmenn, som under Major 1) Krebs jagade 2000 Svenskar paa Flugt.”
 
Detta er ei Misprenting, kann eg tenkja. Men det er elles inkje umogelegt, at einkvar fyr fullt Aalvor trur, at 180 Normenner slo 2000 Svenskar; det er merkelegt, kor litet Greida Folk stundom hev paa Tal, og dei fortel Ting fraa Ufreden i 1814, som høyrest utrulege ut.
 
I Gøttlins Antäkningar stend det, at der var 1500 Svenskar og 4472 Nordmenner med i detta Slaget; Schinkel-Bergman segjer, at Svensken hadde 3000 og Nordmannen 2,500 Mann. Sanningi er truleg, at Nordmennerne hadde nokot mindre Folk, og attaat detta var det ein stor norsk Styrke, som inkje kom fram i rette Tid.
 
Nordmennerne hadde 50 Mann fallne og 60 Mann saarad i detta Slaget, og 1 Løytnant og 4 Underofficerar og 12 Mann vart saknad. Um Nordmennerne hadde større Tap men inkje vilde vera ved det, veit eg inkje, men eg hev høyrt ein Officer, som var med sjølv, fortelja eit og annat um Slaget. Han var ein stor staut Mann, tri Alner høg, med stort kvitt Skjegg, som dei sagde naadde han til langt ned paa Magen, naar det hekk laust, men fyr det meste hadde han flettat det og stakk det inn under Vesten. Han døydde fyr nokre Aar sidan, og daa var han den eldste Kompani-Chefen i Landet. Han fortalde, at han var med i den heitaste Elden, og at Nordmennerne var uppstelte i tunne Rader, daa den Styrken, som skulde koma bak paa Svensken, inkje var komen fram endaa. Nordmennerne hadde inkje Kanonur, men Svensken skaut med Kardetskar og sopad Nordmennerne burt, og ender og daa slo eit svenskt Kompani elder ein Batallion seg igjenom og knasad dei tunne norske Raderne, men kvar Gong sluttad Nordmennerne seg ihop att, sagde han. ”Eg var so rædd, at eg stod og skalv 2) som eit Ospelauv”, sagde han, ”berre i det Kompaniet, eg stod i, vart det skotne 64 Mann, og eg var den lengste Mannen i heile Kompaniet.” Eg hugsar godt, Kapteinen sagde detta, men det høver inkje godt med, at Nordmennerne alt i alt misste berre nokot yver 100 Mann. Etter Slaget, sagde Kapteinen, var det komet slikt Blodsinne paa dei norske Jægararne, at dei vilde stinga dei Svenskarne som laag saarad, og Offiserarne hadde fælt Stræv med aa stagga dei.
 
So fortalde han.
 
Med det same lyt eg fortelja nokot, som hende i 1848 nede i Skaane, daa den norske
og svenske Heren laag der og ventad paa aa koma med i den dansk-tyske Ufreden. Ein Dag sat mange Offiserar og Krunprinsen Karl (seinare Karl den 4de, i Sverik den 15de) og svallad. Karl og flestalle Offiserarne berre ynskte, dei kunne koma med i Ufreden snart. Men den gamle Kapteinen mælte inkje Ordet. Daa sagde Karl kvasst til han:
”Du hev nok inkje Hug paa aa koma med, du.” ”Nei Deres kongelige Høihed.”
”Kor gamal Offiser er du?” sagde Karl speande.
”Eg er Offiser fraa 1812, Deres k. H.”
Daa vart Karl mykje spakare. ”Daa hev du kann henda voret med i Ufreden i 1814?”
”Ja, eg var med ved Matran.”
”Daa skynar eg, kvi du inkje hev Hug paa aa vera med”, sagde Karl mykje blidare.
”Ja, Deres k. H.”, sagde Kapteinen, ”soframt me kjem i Ufred, so skal eg gjera Skyldnaden min, men e g hev set, kvat Ufred er, og bed Gud vil berga oss fyr slikt.”
Etter detta vart det helder stillt i Laget
S.
 
1)      skal vera Oberst.
2)      Eg tykkjer det er ei Æra fyr Mannen, at han sjølv vilde vera ved, at han skalv. Det hev visst mangein Kjempekar gjort, men inkje alle hev Mot til aa segja det. Han var reint ung og den Gongen. Detta segjer eg her beintfram, daa eg inkje vil, at nokon
 skal tru eg vil kasta ein Skugge paa hans Minne.
 

 

Frå Fedraheimen 05.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum