Storthinget

 
Storthinget vart opnad av Kongen i Gaar, Maandag Kl. 1. Dei Suppleantar, som hev aa taka Sess i Thinget, er: 1. Brukseigar W. Konow (i Staden fyr Veset), 2. Bonde Horgen, 3. Lensmann Andreassen 4. Prest L. A. Moe (fyr Schumacher) 5. Grosserar Jacobsen, 6. Grosserar Holtermann (fyr O. Richter), 7. Bonde Soelberg, 8. Korpslækjar Ebbesen (fyr T. Nielsen), 9. Bankchef Broch (fyr J. Borch), 10. Bisp Essendrop, 11. Sakførar J. Richter (fyr Moses Møller). – S. Nielsen vart vald til Medlem av Fullmagtsnemndi (fyr O. Richter), Bisp Smitt og Bonde Seljelid til Medlemer av Lagthinget (fyr Richter og Veset). Til Formann i Storthinget valdest Essendrop (90 R.), Skrivar Bjørnsgaard. Varaformann Joh. Sverdrup (99 R.), Varaskrivar Havig; til Formann og Varaformann i Odelsthinget Steen (70 R.) og Sørensen (54 R.), Skrivarar Skattebøl og Øverland; til Formann og Varaformann i Lagthinget Daae (24 R.) og Bisp Smitt (19 R.), Skrivarar Ueland og Aarflot. I Thingmøtet Maandag vart alle Forfall godkjende. I det Utval, som tok imot Kongen ved Thingopningi, var desse Herrar: Bugge, Haugland, Løberg, Skaar, Juel, Konow, Tharaldsen, Rinde, Eika, Bergesen og Egge. – Trontalen er litet merkjande: Skatt paa Inntekt og Eigedom og aukad Stempelskatt naudsynleg; Jarnvegsbyggjings-Arbeidet vil verta drivet med nokot minskad Kraft. Naar me til detta legg Umtalen av Forslag til Logjer um ny Herskipnad, ny Aalmugskuleskipnad fyr Byarne og Abnormskular er me ferduge. Me ser, at det vert fyreslegjet Løn aat ein ny Skuledirektør i Trums Stift; han skal føra Samar og Finnar inn i den norske Kulturen, maa vita. Etter at Thinget var opnad, helsad detta med dei vanlege Ord: ”Gud vardveite Kongen, Fedralandet og Bror-Riket!” og Thingmennerne gjekk i Procession, dei kallar, upp til Slottet til aa helsa paa Kongen. – Ei av dei ”kvite Fanur” vart brukad av Hestfolket; det gjorde, at nokre Thingmenn let vera aa ganga upp til Slottet, og ei Mengd, som gjekk, let vera aa helsa paa Hestfolket. Til nye Melemer av Valnemndi i Staden fyr Richter og Veset fekk i Dagsmøtet Havig og Jaabæk dei fleste Røyster.
 

 

Frå Fedraheimen 05.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum