Skatt

 
Kristiania, den 4de Februar 1879.
 
Det 28de ”ordentlege” Storthing fær eit syndlegt Stræv med desse stakkars Pengegreidurne vaare. Dei gjekk ifraa Hespelen ugreidd ifjor, - for det vert altid likare eit annat Aar, tenkte dei. Men dei kjem att i Aar, og Hespelen hev berre flokat seg meir ihop fyr dei.
 
Ifjor hadde Folk teket Innkomeskatten og ikkje sagt so mykje. I Aar er Tiderne slike, at der skal mest meir enn Manns Mod til fyr aa vaaga seg ut med nye Skattar.
 
Men dei gamle Skattegrunnlag røkk ikkje til, ikkje eingong Tollen, denne Riksens gamle Mjøltekn. Kor skal dei so av?
 
Regjeringi vil hava nye Skattar, Innkomeskatt og Stempelskatt; Thinget tenkjer visst helst paa aa spara. Men det er ikkje so greidt aa spara i det store, naar Ein ikkje fær Hjelp fraa den Magt, som skulde styra med Riksens Pengar.
 
Og Thinget fær visst ikkje rar Hjelpi av Regjeringi. Sjaa no berre som Herstyret, denne Riksens store Søkkjemyr, som dei fyller i og fyller i med Pengar i Haugevis kvart Aar og endaa aldri finn Botn i; - Herstyret tenkjer nok ikkje stort paa aa spara. Nei, det krev sine same Millionar, det, just som Inkje var; ja det krev uppimot 600,000 Kr. meir enn ifjor! – meir og altid meir. Det er liksom Salomons Blod-Iglar. Ifjor kravde det alt i alt væl 7 Millionar, i Aar krev det tettpaa 8. Det skal hava Mynt til Steingarden i Drøbaksund (som mange trur helst bør rivast ned att), Mynt til nye Mundurar og Barakkar og Vaapn og Kanonar, Mynt til nye Her-Embættsmenn, til ein Skule fyr ”Ingeniør-Underbefalingsmænd,” som det enno ikkje hev Bruk fyr o. m. m. Og so skal der haldast Skalkekrig upp i Trøndelagen i Sumar! for i desse arbeidslause Tider hev Folk slikt so gjera, meiner væl Herstyret. –
 
Ja, den som kunde liva so utanfyr alt som det norske Armedepartement! Det er greidt det veit ikkje um, at her er Pengenaud i Landet. Det tenkjer væl som so, at eit Land, som hev havt Raad til aa susla burt so mange Millionar til eit sovoret Herstell – eit slikt Land maa eiga Rikdomar, som aldri tryt.
 
Men dessverre fyr baade landet og Herstyret: det hev nok voret altfor lett aa naa Botnen paa den norske Rikskassa, og no kann me visst tryggt helsa Herstyret paa det, at den fyrste Konto, som Storthinget kjem til aa knipa inn paa, det vert Her-Kontoen. –
 
Men fær ikkje Thinget likare Hjelp av Administrationen, so kjem det ikkje langt med aa spara, er mæ rædde. Administrationen er liksom Kona i Huset; vil ikkje ho bruka Vit, so er det mest raadlaust fyr Mannen aa faa Skikk paa sitt Husstell. - Aa det er fælt, at her skal vera slik Usemja millom Mann og Kona i detta arme Rikshuset vaart! Nei, um dei daa ialfall kunde koma til Lags um aa skiljast, so me kunde faa ei ny og greidare Kjering i Huset! Det vøre ein vælsignad Ting. - Men du veit koss det er: hev du fyrst fenget deg ei Kjering, so er ho ikkje god verta av med att. -
 
Men Mannen i Huset fær no gjera det han kann. Han fær eit syndlegt Stræv, og Kjeringi, som er van med aa liva flust, kjem visst til aa baade grina og gryla; det stend som ein Kaldgufs av Morgonbladet alt no. Men han fær bruka Vitet og stella seg so, at han kann forsvara sitt Verk baade strakst og sidan; og gjer han det, so kann han visst vera like sæl fyr Resten.
 
Og gjev han so maa vera heppen! Me kann ikkje segja meir.
 

 

Frå Fedraheimen 05.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum