Rhitta Gavr.

 
(Keltisk Segn.)
 
Paa Britania-Øyi var det etter eit Par gamalkymriske Songar iser tri Menn, som skipade alle Ting i rett Lag: Hu Gadaran (elder Caradoc, Son av Bran), Prydain og Rhitta Gavr (Kjempa Rhitta), som gjorde seg ei Kappa av Skjegget aat Kongar,han let raka, fyrdi dei herskade med Overevle og Rangvisa. Um detta vert det fortalt soleids: ”I den Tid, daa det i Britania var 30 Kongar, reid tvo av desse, Nynniav og Peibiav, ei stjerneklaar Nott saman ut igjenom ein Skog. Nynniav var ein hard Herre og byrg attaat. Han kjytte daa av, at heile Himmelen var hans Beitesmark, som ingen Ende hadde. Men Peibiav, som ikkje vilde vera klenare, visste aa fortelja, at heile Stjerneheren var hans tallause Bøling, som beitte paa Nynniavs Mark. Detta totte Nynniav gjekk for vidt, men Peibiav var ikkje den Mannen, som tok att det, han hadde sagt. Det kom til Krig millom dei tvo Kongar, og det gjekk, som vanlegt, ut yver Folket deira, so det var berre faa att, daa dei hadde slegjest eit Tak. Rhitta, som var Frikjempa i Wales, gjekk imot baade Kongarne, sa deim upp i Augo, at dei var rispande galne, vann yver deim og skar av deim Skjegget. So gjekk alle dei andre 28 Kongar paa Øyi imot honom – dei kunde ikkje tola den Svivyrding, han hadde vist deim ved at fara slik aat med Kongar. Men Rhitta sigrad yver dei 28 og skar Skjegget av kvar einaste Ein av deim. Detta Verket vakte Gaum i alle Land, og Kongarne i Grannelandi, 500 i Tal, fekk i Stand ein ”heilag Alliance” til Vernd fyr Kongedømet. Dei sette yver til Britania fyr aa tyna Upprørararne, men Rhitta, som streid fyr Rett og Sanning mot Rangvisa og Narreskap, sigrade yver dei utlendske Kongarne med; det segjer seg sjølv, at han skar av deim Skjegget. Daa han no saag utyver Slagmarki og kastad Augo paa dei 30 engelske og 500 utlendske skjegglause Kongarne, sa han lognt: ””Detta er mi Beitesmark, og her er Dyri, som til dessa hev beitt der og; men eg hev fordrivet deim, og her skal dei ikkje beita lenger!”” So tok han det avskorne Skjegget deira og lagad seg derav ei Kappa, som rokk honom ned paa Oklo, endaa han var dubbelt so høg som nokon Mann hev voret anten fyrr elder sidan.”
 

 

Frå Fedraheimen 05.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum