Notisar

 
Ved Folkemøtet paa Byneset ved Throndheim 3dje og 4de Januar gav etter ”V. G.” Folkehøgskulelærar M. Skard ei historisk Framstelling av ”Maalsaki”, og det vart kvikt Ordskifte, daa eit Par Motstrævarar av den Knudsenske Fylking hadde møtt fram. Hr. Skard var likvel deira Yvermann, som rimelegt er. Ellest vart det forhandlat um ”Friskulen og Statsskulen”, ”vaare Avisur” og ”Storthingsvalet i sydre Throndheims Fylke”, H. Wexelsen var Ordstyrar, og mykje Folk møtte fram.
 
Den unge Mortara som Katholikkarne i Roma i Aaret 1860 røvade fraa dei judiske Foreldre, er no vigd til Prest. Han preikad nyleg i ei katholsk Kyrkja i Wien, men saag ikkje ut til aa duga stort som Preikekult.
 
Is. Kristianiafjorden (Foldenfjord) er islagd ved Kvaløyarne utfyr Frederiksstad og fraa Valløy gjenom Vrengen og derifraa vestyver til Jomfruland, men ellest isfri heilt til Bryggjurne i Kristiania. Ved Risøyr finnst Drivis so langt Augo naar; eit Skip laag der Maandag i denne Vika innefroset 2 Miler ut paa Havet. Millom Kaupenhamn og Malmø er Eimskipsferdi stansad paa Grunn av Is.
 
Kristiania Sparebank hev i Aar burtgjevet til Barneasyli 3600 Kr., ”Toftes Gaava” 2000, Magdalenastiftingi 1200, Sunndagsskulen 1400, Eugenias Stifting 4000, Selskapet fyr Kristiania Bys Vel 1200, Blindeskulen til Friplassar aat Faatøke, helst fraa Kristiania, 800, Barneheimen 800, Samlaget til Fremd av kvinneleg Haandverksdrift 3200, do til do av Fiskefredning i Kristianiafjorden 400, Haandgjerningsskulen under den indre Mission fyr Gutar 800, fyr Gjentur 200, Studentarsamlaget fyr fri Undervisning 800, Kunstindustrimuseet 2000, Samlaget til Hjelp aat faatøke Barsengkonur 500 Kr., ialt 22900 Kr. Kristiania Theater er friteket fyr aa leggja Rentur av si Skuld til Banken til Utgangen av 1878 og skal ikkje krevjast fyr 1879. Paatelaane-Innretningi hev fengjet laant 30000 Kr. av Banken til aa utvidka si Verksemd.
 
Uppsyn ved Vaarsildfisket. Børs-Nemndi i Bergen hev søkt um aa faa Uppsyn ved Fisket liksom i tidlegare Tid. Indre-Dept. hev svarat, at det ikkje kom innretta nokot slikt Tilsyn fyr Tidi, men paalagt Amtmannen aa syrgja fyr, at det aalmenne Politi fører Tilsynet med slik leigd Hjelp, som finnst naudsynleg.
 
Bergens Frimurarsamfund ”Oscar til de syv Bjerge” veitte ei stor Gaava til Faatøke i Joli, og den 21 Jan let det alle Lemer av alle Faatøkhus i Byen gjeva eit godt Middagsmaal med Kaffi og Kveitebraud.
 
Ny Fiskarbaat. Fiskerapportøren Fr. Wallem hadde med seg heim fraa Parisframsyningi ein Modell av ein amerikansk Fiskarbaat – i 2/ 5 Storleik. Modellen er no utstilld paa Børsen i Bergen. Baaten kallast Dory, hev flat Botn, so han er stød, men er likevel god Sjobaat. I Amerika hev denne Baaten uttrengt alle andre Baatformer til Fiskebruk i dei siste 30-40 Aar. Ogso paa franske Fiskeskip hev dei teket til med aa bruka ’n. Bergensposten meiner likevel, at det er meir aa vona enn aa venta, at dei konservative norske Fiskarar skulde vilja taka etter.
 
Skinkrig. I denne tronge Tid hev Herstyret teket den Raad aa halda store ”Feltmanøvrar” i det Trondheimske fraa Rindenleiret til Gjevingaasen. Troppar skal sendast dit heilt fraa Bergen og Øysterdalen, kann henda ogso fraa Sverig.
 
Fullmagt til Mord. Ein Brevskrivar til ”Russkaja Pravda” (den russiske Rett) fortel, at Innbuarne i den litle Byen Atsjka hev gjevet 2 Menn Fullmagt til aa slaa ihel 2 Strafffangar, som hadde rømt dit fraa Sibiria. Dei gjorde so og er no fengslade.
 
Jarnvegjerne i Sverig er 457 Miler lange, derav er 151 Miler Riksbanar. Desse hev kostat Riket 191 Mill. Krunur. Riksbanarne gjev eit Utbyte av 2. 6 fyr Hundrad yver ein Bank, sume mindre elder inkje, sume meir. Banestubben Falkøping – Gøteborg heile 8. 54 %; men ”dei magre Kyr et dei feite”, segjer eit Blad.
 
Ogso i Tunsberg er det gjengjet paa Skakke med siste Kommuneval. Justits-Dept. hev paabodet, at der skal haldast Umval paa ein Repræsentant.
 
Smaa Korn av Meteorjarn finnst i stor Mengd i Lufti etter dei Røynslur, som Mr. Cowper Ranyard og andre Forskarar hev gjort gjenom dei siste 10 Aar. Det er sannsynlegt, at store Lutar av Allheimsromet er fyllt med slikt Jarnmjøl, men ikkje allstad like tett.
 
Daaen. Ein katholsk Landsmann Professor Vilhelm Sofus Hegrem i Frederikshall, Forfattar baade paa Fransk og Dansk, 58 Aar gamal.
 

 

Frå Fedraheimen 05.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum