Namneretting.

 
Hr. O. H. spyrr i “Fdrh.” No. 5, um den, som hev fengjet eit Namn, som er ufagert, smaklaust og unorskt skrivet av Presten i Kyrkjeboki, hev Rett til aa brøyta litevetta paa Stavsetningi til aa gjeva Namnet norsk Klang og Svip, naar detta læt seg gjera utan større Brigde enn ein Bokstav elder tvo meir elder mindre. – Eg hev merkt meg Bladstyrarens Meining um Tingen, men trur, at det vøre faafengt aa vilja retta ei rang Namneform ved aa søkja um aa faa henne godkjend og bed difyr um Rom fyr nokre Ord til Rettleiding.
 
Lektor P. J. Collett segjer visstnog i sine ”Forelæsninger over Personretten”, at ”man ikke lovligen kan aflægge det Navn, man i Daaben eller ved Opgivelse for Presten har faaet, udenmed kongelig Tilladelse”, og nemner til Prov fyr denne Meining N. L. 2-5-6 og 7, 2-8-7 og 8, Kyrkjeritualet 25 Juli 1685 II-1 og III-1, Odelslogi 26 Juni 1821 § 2 og Dissenterlogi 16 Juli 1845 § 5; men kven, som vil, kann vissa seg um, at desse Logjer ikkje segjer det bidige Ordet um detta. Dersom Godkjenning av eit nytt elder brigdt Fornamn skulde kunna gjevast av Riksstyret, maatte det ha voret sedvanlegt, at Kongen hadde gjevet ”Bevillingar” av detta Slaget fyre 1814, men det hev aldri hendt, naar me berre undantek eit Tilfelle: at Karine (Jensdotter) av Drøbak ved Reskr. af 1ste Juni 1798 fekk Løyve til aa heita Kaspar (Jensen), daa ho (han) viste seg aa vera Mannfolk -, og fraa eit einskilt Naudhøve kann ein sjølvsagt Inkje slutta. Det er difyr mi Meining, at Ein lyt dragast med det Daapsnamn, Ein hev fengjet, til sin Døyandedag og lenger, utan at det er nokor Raad til aa faa eit nytt Namn. Men ei onnor Sak er det, naar Namnet berre er rangt skrivet i Kyrkjeboki elder rangt uttalat. Etter at eg hev fengjet eit Namn paa ærleg og logleg Maate, er detta min Eigedom, som eg sjølv raader yver. Um Presten nogso mykje hev skrivet og sagt Auen, Elleff, Ener, Even, Ole, daa eg vart døypt, kann eg difyr utan aa spyrja nokon um Løyve likefullt skriva og kalla meg og krevja, at ogso Andre skriv og kallar meg, Audun, Eiliv, Einar, Øyvind, Olav baade i Rettsbrev og ellest. Galdt ikkje det, maatte det ogso gjelda, naar Presten misskreiv Namnet til Ove elder Odin, Elof, Enner o. s. fr. Fullt paalitande Døme paa, at eg hev Rett til aa skriva mitt Namn i den rette Form, um Presten er komen i Skade fyr aa bruka ei rang, hev me deri, at Ivar Aasen er døypt ”Iver”, og at Drottseten Frederik Stang er kristnad med Namnet ”Friederich” og skreiv seg ”Friederich Stang” endaa i 1833, daa han som Lektor juris utgav sitt Verk ”Systematisk Fremstilling af Norges konstitutionelle eller grundlovbestemte Ret”, og sidan hev brigt ”Friederich” til
”Frederik” utan aa spyrja nokon um Løyve. Solenge det er det same Namnet, kann ein retta baade paa Retskrivningi og paa Uttalen utan aa spyrja ei Mors Sjel um det. Den, som er døypt Siri, kann soleids trygt kalla seg Sigrid, Amund Aamund, Sjur, Sivert elder Syver Sigurd, Osuf elder Aasel Aasulv o. s. fr. Derved sparar Ein ogso dei 40 Krunur, som det i alt Fall vilde kosta aa faa ei betre Namneform godkjend. Ei Godkjenning av Riksstyret vilde helder ikkje gjeva større Vissa fyr, at den rette Formi vart brukad. Ein kunde vandt faa Straff paa deim, som heldt paa med aa segja og skriva Sivert til og um Ein, som hadde Kongebrev i Teikneboki paa aa heita ”Sigurd”, og utgjevet nogso mange 40 Krunur fyr Retten til aa heita Mikael og Finnkjel elder Finnkjetel.
A.     H.
 
Hr. A. H. er Rettslærd, og me maa difyr tru, at han veit betre Greida i denne Saki enn me. Etter det han segjer vert det altso slik, at dersom Ein er so heppen aa raaka paa ein rimeleg Embættsmann, so kann Ein retta Namnet sitt utan Vande; men kjem Ein ut fyr ein Rangkrok, so hjelper det korkje Bøner elder Kongebrev: Ein maa heita slik som Presten hev funnet fyr godt aa skriva i Daapsboki, anten Ein vil elder ei.*1) Men samstundes kann Ein retta Namnet sitt i alle dei Tilfelle, naar ikkje Presteattesten krevst framlagd. - Tru det ikkje var likso godt aa faa ein liten Logparagraf um denne Greida, dersom det eingong kunde høve seg so?
Bldst.
 
*1) Og det finst slike Rangkrokar, helst naar det gjeld um Fornorskning av ei Namnform! Det me sist skreiv, hadde sin Grunn, i at me visste detta, og at me – sjølvsagt – trudde, at slike Herrar maatte hava eitkvart ”skriftlegt” aa halda seg til.
 

 

Frå Fedraheimen 05.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum