Lesarbrev

( Insendt.)
“Um eit norsk skuleboksamlag” er namnet paa eit stykkje, som ”nokre maalviner” skriv i Fedraheimen no. 6 for iaar. Der er myket og mangt i det stykkjet, som eg ikkje kan vera sams med insendararne um; men lel skulde eg ikkje her ha komet med nokot motlæg, var det ikkje for ein setning si skuld, som lyd so: . . . ”men maalet hans (dvs. Høyems) er ikkje norsk, det er eit blandingsmaal med norsk, dansk og svensk islæt, som ingen stad eig heime.” Ein slik dom om maalet hans, som er uphavsmannen til tanken um skuleboksamlaget, og som vonleg kjem til aa leida laget i alle fal i fystunne, maa vera ein hard kost aa svelja fyr honom, naar han vist veit med sjølve seg, at han har lagt al sin hug og dug i aa skriva maalet so reint og ret baade i ordval og ordbrigde, som han etter Aasens sakkunnuge utgreidingar fan, det var moglegt utan aa maatte gruve fyr, at berre nokre bygder vilde kjennas ved det som sit modersmaal. Men særleg maa det vera vondt for Høyem aa faa slikt eit nasekast no, naar samlaget held paa aa knyter seg. For truleg er det vel, at ein og annan trur insendararne paa ordet, dreg fæla aat seg og dryger i det lengste med aa tekne seg som lem av laget. Det er ikkje so vist, at alle krev prov, fyr dei trur, eller i alle fal, fyr dei tviler. Lognt som insendararne elles skriv, er det underlegt, at denne setningen skulde detta ned som ein Saul bland profetom, og det utan at dei eingong smattar paa aa prova, at nasekastet er løn som forskyld. Vel nog veit eg, at Høyem hev teket nokre ord og ordmakslar, som hev heime i dansk og svensk; men naar desse samstundes er norske, so kan daa ikkje Høyem bera synd fyr deira skuld. Han maa daa faa vera skuldlaus i, at dei tri spraaka i nordlandom er fødde og opalne so nære tilhopes, at dei svipar ein god deil inpaa kvarandre baade i ord og ordbrigde. Høyem tykjer han gjer rettare i aa leggja vind paa nyttugare ting en aa vanska alt, som hev snev af sameige. Og kvifyr skulde han vera so litet fedrelandshugad, at han med begge hender skulde skuva det ifraa seg over Kjølen og Skagerak, som me, liksovel som Svensken og Dansken, hev ret til. Det vilde vera ei laak gjerd aa gjera det og paa den maaten arma ut maalet vaart. Det hev me ingen ret til aa krevja av honom. Berre det kan me krevja, at han ikkje smuglar inn varor, som e i n k o m høyrer eit annat folk til. Og i den vegen hev Høyem sopat liksogodt fyr si dyr, som andre fyr si. Med denne sidste sætningen tenkjer eg næmast paa umsetningsarbeiderne hans, og det er etter desse, han i fyreliggjande sak maa dømas, og ikkje etter brev elder avisstykkje, som tid etter onnor er komne fraa hans hand. Ein og kvar veit med sjølve seg, at slike saker oftaste er hastverksarbeid. Det veit vist insendararne med, sidan dei i dei faae raderne sine bruker orda form, praktisk, dialekt, konsekvent og fleire tvillaust unorske ord. Her maa han, som sagt, dømas etter umsetningsarbeiderne sine, og eg vil sjaa, fyr eg trur, at ret mange einkom framande ord og brigde der er komne in. Og paa den andre sida vanskar han helder ikkje gode, gamle norske ord og brigde, som insendararne vil ha det til aa sjaa ut fyr. Men kor langt ein skal gaa atende, serleg i ordbrigdom, ja, sjaa det er hespa, som skal greidas; og ho er flokut nog, og kor er greidtraaen? Hev ikkje Høyem funnet han, so hev no heller ikkje insendararne gjort det. Det syner seg tydelegast i deira eigne ord. Fyrst tymtar dei nemleg um, at det kanhenda vilde vera best aa gjeva ut skulebøker i dei ymse bygdemaal. Men 6 rader nedanfyr i same raaken tyner dei sjølv denne tanken som reine vetløysa og segjer: ”Det kan helder ikkje vera nokor meining i aa gjera skrivespraak av kvar dialekt.” Dei kjem daa til det, at der maa vera ei ”mynsterform.” Ein skulde no tru, at dei vel vilde finna mynsterforma, greidtraaden aat hespon, hjaa Aasen. Aa, nei, ”der er sume, som hev bryggjad paa ei meir gamaldags maalform næmast gamalnorsk elder islandsk”; og i den fylkingen maa tvillaust insendararne vera, for ”dei vil bidja Høyem helder slutta seg til denne meining.” Ja, skal greidtraaden fyr ordbrigdom liggja attanfyre Aasen, saa maa eg gjeva ”nokre maalviner” rett i, at ”det er nokot tidlegt aa taka paa med dette enno” (dvs. med aa gjeva ut skulebøker). Daa er det fulkomeleg sant, at ”maalforma kunde trengja til aa festa seg, fyrr me tok paa med skulebøker”, ikkje so, at maalforma sjølv skulde trengja til aa verta fast, for ho er gjenget i berg longo sidan: men det vil vist taka tid, fyr ho festar seg i det norske folk atter. Nei ho festar seg sant og vist ikkje, om der kom nog so mange skulebøker etter den makselen, og om der kom ei nog so greid og god maallæra, det kan ein segja utan aa vera spaaman, og kvat skulde det so nytta til aa ha desse forne dyrder i bøker. Ikkje ser eg, det vil tena til annat en til aa setja vatten paa kverna aat motstandarom dvs. gjeva deim ret i, at me vil unatar og umoglegheiter. Nei lat os, som Høyem fyr os hev gjort, bruka dei ordbrigde, som folkets f l e i r t a l har, og so reinska ut det framande i ord og setningsbyningar; med di vil me tena folket best. Men lat os ikkje vera ræd korkje ord eller brigde av den grun, at dei fins i svensk og dansk, naar dei samstundes er norske. Eg held enog fyr, at det no i fystunne ofta kan gagna meire aa bruka netop det, som folket fyr kjenner fraa bøkerne sine, en aa velja meire ramnorske ord, naar desse er helder ukjende, alt naturlegvis soleides aa taka, at einkom utlendsk ty og to vert vanskat. Tru meg, me hev ikkje so liten vande aa vinna paa, me kan godt trengja aa minka han helder en aa auka. Aa kvat gjer det no, om ein set ”lesa” med ”e”, ein annan med ”æ”? Vil nokon for rame aalvora meine, at slikt har nokot aa segja fraa elder til i maalreisningen vaar? og lika eins med annat smaapluk, som gjer meg vondt i magen, berre eg tenkjer paa aa nemna det. Naar trur vaare bokstavridarar, at norske born med ni skulevikur for aaret kjem so vidt, at dei fel i stavar ved aa sjaa ”tenkja” i ei av bøkerne sine, men ”tænkja i ei onnor? Eller naar vil det tenkje-, tale- og skrivebinda deim, at dei i ei bok hev set ”fedreland”, i ei onnor ”fædreland”? Og til sjauende og sidst: Trur nokon, at det vil verta nokon vande for skulestyret, naar norske bøker eingong skal takas i bruk paa skulom, daa aa faa dei i prenteklemma med dei rette stavar? Elder trur nokon, at det ikkje vil verta syrgt fyr det? Jau, dei, som hev skulebøker i emnom, kan stava so rispande rangt elder gasta godt, som dei best kan, styret syrgjer vel her som elles fyr ”uniformiteten”, det kan dei vera stød paa. Desutan veit vel insendararne, at i dei fyrste tvo aarom er det meiningja aa gjeva ut ei bok, som ikkje er etlad bornom, men lærarar og andre vaksne folk. Bibelsoga, som aalreide no er i prenteklemmon, er nemleg ikkje tenkt som leksebok. Alraminst for born. Helder ikkje maa insendararne tru, (som det ser ut for, dei gjer,) at den boka skal prentas i eit hundre elder tvo skilde maalføre. Høyem hev fraa fyrste tid tydeleg nog sagt, at han vilde føra alle stykkje over i ein skrivemaate.
 
Tak meg ikkje desse orda ille up, dei er skrivne i ei god meining og med tru paa, at baade Høyem og insendararne vil det norske folk vel.
+.
 

 

Frå Fedraheimen 05.02.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum