Utlandet.

 
Frankrike. Ministerkrisen hev glidet yver. Den 21de Januar tok Folkethinget med 223 mot 121 Røyster ved ei motiverad Dagsordning, fyreslegi av Ferry; ho lydde soleids: ”I Lit til dei Uttal og Lovnadar, Ministeriet hev gjort, og i Von um, at Ministeriet, som hev frie Hender, ikkje vil drygja med aa gjera sitt beste, i ser so mykje som Styringsgreidarne, Embættsmennerne og Domarmannskapet vedkjem, gjeng Thinget yver til Dagsordningi.” Ministeriet hev soleids fenget eit Tillitsuttal, og det vert altso standande. Det er likt til, at Dufaure hev lotet fira i sume Stykkje, iminsto med Avsyn paa Umbyting i Embættsmannskapet. Hans Uttal i Senatet tyder paa det. Han sagde, - etter Telegrammet – at han heretter vilde vera strengare med Avsyn paa Embættsmennerne, men likevel ikkje gløyma gjorde Tenestor. Kor langt han vil ganga med sine Ettergifter i denne Vegen, um han, til Dømes, vil sleppa Kravet paa, at Domararne skal vera uavsetjande, er soleids ikkje umsagt. Gambetta var ikkje med i Avrøystingi yver Ferrys Forslag, men røystad fyr eit Forslag av Floquet um, at Thinget skulde ganga yver til simpel Dagsordning. Grunnen til denne Aatferdi so vel som til det, at han hev haldet seg reint utanfyr det Staak, som var i dei sidste Dagarne fyreaat, er fulla det, at han ikkje er nøgd med Ministeriet, men helder ikkje vil vera med paa aa kasta det, soleids som Sakerne no stend.
 
Tydskland. Det kjem ymse Tidender um, at Bismarck hev fenget Otte av, at Mulebandlogi hans ikkje vil ganga, og at han ikkje vil halda fastare paa ’a, fyr ikkje aa skræma Folk fraa seg; dei andre Planarne hans kunde elles ogso standa i Faare fyr aa rjuka. – Times sin Brevskrivar i Berlin fortel – lyg han, so lyg me -, at Bismarck er tenkt paa aa gjera det so, at alle utlendske Brev skal opnast og granskast, fyrr dei slepp yver Grensa, so det ikkje skal verta innsmuglat socialdemokratiske og andre range Meiningar. Likeins er det fortalt, at naar dei socialdemokratiske Thingmenner kjem til Berlin fyr aa taka Sæte i Riksthinget, skal dei verta utviste med Hjelp av ”det vesle Umlægringstilstand”, som er lyst yver Staden.
 
I det austrikske Riksthing er Berlinsemja under Dryfting no um Dagen. Fleirtalet synest vera hugat til aa ganga med Regjeringi og utan vidare ganga yver til Dagsordningi, elder med andre Ord vedkjennast, at Semja ikkje treng Samtykkje av Riksthinget.

 

Frå Fedraheimen 25.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum