Svorkmo, Orkedal (Brev)

 
Svorkmo, Orkedal (Brev). No hev me fenget Folkehøgskulen hans Daniel Sæther hit til Orkedalen. Det hadde no eit Par Aar voret paa Tale aa faa Skulen hit. Tri gilde Menn her i Bygdi baud fram fritt Hus aat Skulen. Dei eig ein Bygning, som dei hadde kaupt etter ein busliten (falleret) Handelsmann. Det er den store Kraambudi, som er umvølt til Skulestova. Dei baud fyrst fram detta Huset aat Amtsskulen fyr nokre Aar sidan; men den skulde daa ein annan Stad av, og dei fekk ikkje Svar fraa honom; so baud dei Sæther Huset. Han svarad, at han gjerne vilde koma, um Folket ynskte det. Her vart daa uppsett eit Brev fraa Folk her i Bygdi, at dei gjerne vilde Skulen skulde koma, og at dei hadde god Von um, baade at han vilde trivast her og gjera Gagn. Og so kom Skulen. Han tok til den 6te Januar. 2-300 av Bygdefolket møtte fram. Skuledirektør Bonnevie kom au. Sæther talad fyrst og lagde ut um, korleids han tok det paa Skulen sin, kvat han vilde o. m. So talad Skuledirektøren. Han sagde det var ein merkjeleg Ting med desse Amts-og Folkehøgskular. Dei var sereigne fyr dei 3 Nordlandom. I Tyskland t. D. hadde dei berre Fagskular (som lagde seg etter aa dana Lærlingarne til nokot visst), men Folkehøgskulen vilde hava Aalmenndaning utan aa stemna paa nokon viss ”Leveveg”. Nordfolki hadde ein merkjeleg Sans fyr Upplysning. – Desutan varad han Gutarne fyr den faarlege Tidi, me no liver i. Her er faarlege Rørslur i dei raae Massar, som stemner mot aa styrta det ”Bestaaende”; her vert ropat paa Sameign o. m. sl. Paa den andre Sida stend det ymist til paa Vitenskapshøgdom. Der er Tvil og Fritenkjarskap, og fleire av dei avveges-komne er dugande Folk, som hev Lag paa aa draga Folk med seg. Difyr: hald fast paa det du hev, at ingen skal taka Kruna ifraa deg. Me gjeng ei faarleg Tid til Møtes.
 

 

Frå Fedraheimen 25.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum