Notisar

 
Kristiania, den 24de Januar 1879.
 
 
Skulen hev no 38 Gutar. Av desse er Storhopen fraa Orkedalen, men mange au fraa Grannbygdom: Meldalen, Surendalen, Høglandet, Buviki o. fl. Skulen hev 2 Lærarar: D. Sæther og O. Skjørskift. Sæther hev lovat aa halda Fyredrag kvar Onsdagskveld, so kven som vil kann koma og høyra.
 
Ved Stordøy Seminar, skriv ein Innsendar til oss, hev Gutarne i dei tvo seinste Aari havt eit ”Maalvenarlag”, som no eig sin eigen Boksamling av berre ”Maabøker.” Meiningi er aa fremja Maaltanken og elska fram Folkekjensla.
 
Daa det kunde vera ymse Ting, som var verdeaa taka etter fyr Ungdomen andre Stader – ikkje minst ved Seminarskularne -, so skal eg her gjeva eit Ordrag or ei ”Utgreiding fraa Stjorni av Maalvenarlaget fyr seinste Halvaaret.”
 
”- Daa dei nye Gutar var innkomne paa Seminariet i Sumar, vart der haldet eit Møte, som var godt søkt. Me hadde daa den Gleda aa faa innteikna 15 nye Medlimer til Laget.*1) Desse fekk daa laana Bøker or Boksamlingen, og dei hev daa meir enn dei gamle Medlimer leset Bøkerna. Paa same Møtet framheldt Stjorni Ynskjet um aa faa Lesemøte i Gang, og daa Tanken fann Medhug hjaa Medlimerne, vart dat avgjort, at Lesemøte skulde haldast kvar Laurdagskveld. Skulens Styrar yverlet oss ein av Klassom til vaart Bruk. Paa Lesemøti, som vart svært godt søkte, hev voret uppleset: ”Torgrim”, ”Fraa Dansketidi” m. fl. – - - Fleire av Maalvinerne held ”Fedrh.” Som Medlimer av dat norske ”Skuleboksamlaget” hev dat teiknat seg 22. – Stord. 19 Decbr 1878. (Underskr.) Berven. Jon Telnes. H. Asheim.”
 
*1) Paa eit seinare Møte 3 til.
 
Fangetalet var i Sverik 20,313 Personer i 1876; derav var nær 7000 fengslade fyr Lausgang og i det heile ikring 16000 fyr Logbrot, som ikkje var vanærande, elder ogso paa Grunn av Armod, skriv ”Dag. Nyh.”
 
Daaen. I Sverik do den 16de Jan. Prest, Professor, Prost, Doktor i Theologi og Jubeldoktor Henrik Gerhard Lindgren, “en av de Aderton” (dvs. Medlem av Vitenskapsakademiet), ein Mann, som hev havt mykje aa segja baade i Stat og Kyrkja. Han vart 78 Aar og stod til Dauden som Prest i Tjerp Soknekall, Uppland.
 
Fraa Nordamerika. I New-York naadde Papirdollaren Tysdag den 17de Decbr 1878 same Verde som Gulldollaren, fyr fyrste Gang etter Borgarkrigen.
 
Snjo og Kulde klager dei yver ogso i Amerika; i Chicago hev dei ikkje havt so mykje Snjo paa mange Vetrar, og lenger Aust er det enno meir Snjo; i Nordvesten dermot mindre, men bikkjekaldt.
 
Test-oath-Logi er sett ut av Kraft. Ho gjekk ut paa, at ingjen kunde gjera Tenesta som Jurymann, med mindre han kunde sverja paa, at han ikkje hadde voret med i Borgarkrigen paa Rebelsida.
 
Vaar Landsmann Paul Hjelm Hansen hev havt den Uheppa, at hans Blad ”Nordlyset”, som kom ut i Northfield, Minnesota, hev sloknat. No legg han likvel i Veg med ”Minnesota Skandinav”, ikkje ”fyr aa avhjelpa ein Saknad i Bladliteraturen”, men ”fyrdi han maa arbeida fyr sitt Braud og driva eit Yrkje, som høver fyr hans Alder og visstnog smaae Krafter”. Bladet kostar i Amerika 1 Doll. 20 Cent. Hr. Hjelm Hansen er kjend fraa Heimlandet som ein dugande Journalist, men no 69 Aar gamall.
 
Reformskulen” (Forbedringsanstalten) for moralsk fordervade Born i Minnesota hev til dessa havt 384 Gutar og Gjentur aa gjera skikkelege Folk av. Av deim er berre 6 komne paa Villstigen. 95 av kvart 100 hev skikkat seg vel og er komne godt i Veg. – Kann ”Toftes Gaava” mæla seg med denne Innrettningi?
 
I Minnesota er bygt 50 norske Miler Jarnveg i 1878 og 320 norske Mil i heile Rikssambandet. I 1872 bygdest 980 Miler, men i 1875 berre 180 Miler. Paa Northern Pacificbanen vil det i Aar verta ferdugbygt 15 Miler vestyver fraa Bismarck.
 
Utgifterne til Common-Skulen er i dei nordamerikanske Sambandsrike 8 Millionar Dollars um Aaret. Det gjeng kvar Dag paa Skule 41½ Mill. Born.
 
Eit Apparat til aa sjaa inn i det Indre av Likamen er uppfunnet av Dr. Nitze i Dresden. Ein Metaltraad, som er glødd ved elektrisk Ljos, vert gjenom eit Kautshuk (Guttaperka)-Røyr førd inn i det Indre av Kroppen utan aa skada korkje den eller Røyret. Magen hev Uppfinnaren likvel ikkje kunnat upplysa av den aalmenne Grunn, at Ein ikkje kann sjaa umkring Hynnet. Urinblaasa kann han derimot upplysa.
 
Folketeljing skal upptakast i Russland i detta Aaret, mest fyr aa kunna utskriva nye Skattar.
 
Eit Samlag til aa leggja seg etter det finske Maal er skipat i Dorpat av Folkeskulelærarar, Studentar og yngre Prestar.
 
Byen Fulda ( Kurhessen) hev den 17de Decbr. 1879 sitt 1100aarige Jubilæum.
 
Eg fekk Hug til aa skriva upp denne Soga til ei Aatvaring fyr dei unge Gutarne, at dei hugsar paa og ser seg fyre, so dei ikkje kauper Amerikabillettar til kven som helst. Det er vondt aa vera mistruen, men det er ikkje likare aa vera for godtruen held.
Chr. –l.”
 
Grundtvigs Livnad. Cand. theol. H. Bruun innbyd til Subskription paa “Biskop R. F. S. Grundtvigs Levnetsløb, udførligt fortalt fra 1839.” Boki er stor og Citati av Grundtvigs Skrifter og Talar mange, so ho vonleg vert paalitande. Boki kjem ut i Hefte paa 5 Ark til 80 Øyrur. 17 Hefte.
 
Norigs Banks Styre. Storthingsmann A. G. Egge fekk ved eit Repræsentantmøte i Lider den 14de Paalegg um aa verka fyr, at det til Bankadministrator i Dramn vert vald ein Bonde.
 
Ei liti Gjenta, Dottar aat ein Handverksmann i Kristiania, vart nyst hardt sjuk etter aa ha etet Sukkerkakur. Lækjar vart hentad, og han fann, at Kakurne var fargade med Arsenik. Dei var kaupte hjaa ein Bakar.
 
Daaen er Kaarmann Gabriel Hamar av Utvik, 95 Aar gl. Han var med i Krigen mot Svensken 1807-1814 og bland dei 180 Nordmenn, som under Major Krebs jagade 2000 Svenskar paa Flugt.
 
Eldbrune. Den 20 Decbr. brann Fjos, Laave og Eldhus upp paa Garden Aakenes paa Andøyi. Eigaren Ola Olsson miste all Buskapen, 3 Kyr og mange Sauer, alt sitt Mat-forraad til Vetren - som han hadde paa Laaven. – Husi var assurerade, men ikkje Lausøyrat. Sonen Anton Olson, som er gift Mann, miste ogso mykje.
 
Politikk i Kyrkja. 23de Sunndag etter Trinitatis heldt residerande Kapellan i Skien J. W. Erichsen ei Preika, som var uppblandad med einsideleg, tjukk Partipolitikk. Preika er prentad, so det er Høve til aa uppbyggja seg ved Prestens ”vingede Ord” fyr kven som vil.
 
Snjoskreid. I Hjørrendfjord i Sundmøre reiv ei Snjoskreid med seg Saudefjoset og Laaven paa Garden Bukkskeim. Stovelaani fekk ogso ein Støyt og vart forskuvad, men stend likvel.
 
Kongen hev gjevet 400 Krunur til ”Kristiania Understøttelsesselskab for Husarme.”
 
Valfusk. Byfuten i Skien hev fengjet Paalegg um aa upptaka Forhøyr til aa koma etter, um det er gjort Fusk ved siste Kommuneval.
 
Eldbrunen i Levanger skal vera uppkomen ved, at ei halvtomsutt Gjenta for uvarlegt med Ljoset i eit Klæderom i den Garden, Elden kom upp i.
 
Nytt norsk Tidsskrift” er etter ”Fædrelandet” gjenget inn, men skal avløysast av eit Tidsskrift, som skal styrast av Professor J. E. Sars, Dr. G. Brandes, B. Bjørnson og H. Ibsen.
 
Sunndagshelgd. I Throndheim hev Politimeistaren paabodet, at Barberstovurne ikkje skal haldast opne lenger enn til Kl. 9 Sunndagsmorgonen, fyrr Kl. 10.
 
Frants Oskar Frederikson, som dei tok fyr Bjørnerudmordaren, er ikkje idømd Utgifterne ved Søksmaalet, som me fortalde etter eit annat Blad i eit tidlegare No.
 
Prestehistoria paa Thoten er komi i ei ny Skora. Regjeringi hev etter ”Gjøviks Blad” gjevet Prest Steen Paalegg um aa saksøkja Hr. Holmstad fyr hans Paasegner. Bladet legg til, at han hev tekjet Sakførar, og at Saki er i gode Hender.
 
Tinn i Sukkeret. Ein Kemikar i New-York hev komet etter, at uppløyst Tinn vert brukat til dermed aa drygja Sukkeret. Dei, som et mykje Sukker, fær ein tinnforad Mage, segjer han.
 

 

Frå Fedraheimen 25.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum