Ein Fritenkjar.

 
Ein Fritenkjar.
 Ei Forteljing or Samtidi.
XII.
 
 (Framhald.)
”Men, Barn!” sagde Presten, ”veit du ikkje, at den som syndar, maa straffast?” – ”Jau, men . . . det kunde kanskje vera meir Tankeløysa enn vond Vilje . . . og Mannen trudde væl ikkje det var Synd aa segja si Meining.” ”Ragna!” Presten flaug att og fram i stort Upprør; ”er denne vonde Aaden faren i deg med? Er me komne til den Heimsens siste Tid, daa Barn skal reisa seg mot Faer, Husfru mot Mann, Tenar mot Husbond? Er det ikkje lenger Synd aa gjera Brot paa det 1de Bud? Er det ikkje Synd, naar eit Soknebarn tilsideset den Agt og Vyrdnad, han skylder sin Soknefaer?” – Ragna sat og undrast -: var det Balle, som talad? – ”Kjære Faer min,” sagde ho, ”eg er ikkje so klok som du, og eg kann visst ikkje svara paa detta; men eg bed deg um det fyr m i Skuld: lat ikkje den Mannen lida nokot fyr det, eg her fortel. Det vilde tyngja meg all min Dag, dersom eg til Bate fyr meg drog nokot fram, som vart ein annan til Skade. Du hev sjølv lært meg, at slikt ikkje er fager Aatferd. Lova meg detta, Faer!” – Presten saag paa henne og undrast. Ho talad so klokt! – “Ja ja,” sagde han sistpaa, ”fyr di Skuld . . . lovar eg, at eg skal vera fullt rettferdig mot den Mannen, du vil nemna.” ”Og ikkje gjera honom nokot til Meins -?” Presten saag lengje paa henne. ”Til Meins -?” sagde han saarad. ”Kven trur du eg er?” – ”Tilgjev meg . . . eg meinte det ikkje so . . . Eg vilde berre kjenna meg liksom meir trygg . . . fyr min eigen Part . . . naar eg hadde eit Ord . . .” ”Nemn Mannen. Fyr din Part kann du vera trygg.” Han sukkad saart. Ragna stod upp og tok fram Setelen. ”Her,” sagde ho.
 
Presten las og skvatt upp. ”Vikstad -! Den Mannen, som eg gav ein Attest so god -! Som eg bad med til mitt eiget Jolebord! Som eg altid hev voret god imot, betre kanskje enn mot nokon av dei andre! – Aa Styggedom, Styggedom, meir enn Styggedom! Kven skulde tru, at eg der nørde ein Orm ved min Barm?” – ”Faer, Faer,” bad Ragna. – ”Ja, du hev altid voret paa hans Sida, du,” sagde Presten harm, ”no kann du sjaa! - O tempora!” sukkad han og sette seg; ”er me komne so langt! – Aa Balle, Balle, du hadde Rett.... Og det ein Lærar! Ein Lærar som gjeng der kvar Dag og forklarar det 4de Bud . . . nei! nei! detta gjeng yver alle Merkje.”
 
”Ja det er leidt,” sagde Ragna. ”- Men trur du ikkje det her kann sjaa verre ut enn det er meint -? Vikstad er visst svært braadfus av seg . . . men eg trur ikkje han er vond.” Ho sat med Augo i Golvet og talad med stort Stræv; det var nok fyrste Gongen ho antrast med Faer sin paa denne Maaten. Den gamle likad seg ikkje. No, daa han var uppi so mykje leidt og harmelegt, burde daa iminsto hans eiget Hus vera paa hans Sida, totte han. Og serleg Ragna, som han no hadde voret so god imot all Tid. Han sat og saag paa henne fraa Sida, snart sorgfull, snart harmfull, og svarad ikkje. ”Tidsaanden! Tidsaanden!” tenkte han. ”Balle hev Rett: Tidsaanden er vaar verste Uven.” Ragna sat og strævad med aa faa fram det Spursmaalet, som ho helst var komi fyre. Det var so vondt aa finna Mod. At ikkje han kunde hjelpa henne paa Veg -! for her var det han, som hadde Urett. –
 
”Men no,” sagde ho endeleg, ”veit me daa at den andre . . . er saklaus -?” Presten kvakk upp og vart raud. ’Der fekk ho eit stygt Tak paa meg’, tenkte han. ”Hm – ja,” svarad han, ”det hender ofta i denne Tid at det urimelegaste og ravgalnaste er det sanne . . . Her er Upprør og Umstøyping i alt; den Skikk og Orden Gud hev sett, er reint komen or Lag. Aa eg Blindingen! at eg ikkje fyrr hev set, kor det bar av med detta ugudelege ’Fridomsvæsen’! Lat Bladskriblarar spotta -: eg takkar Balle, som hev opnat mine Augo, og heretter vil eg vigja all mi Kraft til Strid mot denne vonde Aand, som bryt seg inn i alt, skjemmer ut alt og riv sund dei heilagaste Samband. – Hellest vonar eg,” sagde han braadt, ”at du ikkje tenkjer meir paa Hauk?” – Ragna vart blodraud.
 
” – Er du stød paa, Faer, at han . . . er . . . det, som du sagde sist?” – ”Ja,” sagde Presten hardt, endaa han kjende med seg sjølv, at han slett ikkje var fullstød. – ”Men trur du daa,” heldt Ragna fram, ho sat og tullad paa Lumeduken sin og talad med det største Stræv, - ”trur du daa, at det var . . . Guds Vilje, at han skulde . . . koma innpaa slikt?” – ”Guds Vilje?” sagde Presten, ”kor kann du koma paa sovoret?” – ”Men kann ikkje . . . Vaarherre likevæl ha havt liksom . . . ei Meining med det?” ”Det lyt me tru,” sagde Presten ustødt, han visste ikkje kor ho vilde av. – ”Hev det ikkje hendt, at Folk, som kom inn paa slike Villstigar, sidan hev . . . vortet dei største kristne Menn -?” – No blenkte det upp fyr Presten; han saag, kor ho stemnde. – ”Hm, det hev hendt,” sagde han, - ”men ikkje med slike, som hev sleppt Trui med fullt Medvit og fraa sjølve Grunnen av.” – ”Aldri?” spurde Ragna rædd. ”Iallfall sjeldan,” svarad Presten; han kjende seg nokot ustød her. Ho smilte underleg, Augo fekk Glans. ”So hender det stundom,” sagde ho; ” – men er det ikkje Guds Vilje, at det skulde henda altid?” – ”Visst nok; men hev ein Mann fyrst gjevet den Vonde heilt Magti med sine Tankar, so skal det mest meir enn eit Under til, um han skal verta frelst.” Ho reiste seg; det kom yver henne eit hugtakande Drag av Tru og Elsk -: ”Ein Mann som han kann ikkje fortapast. Han hev ei Moer, som bed fyr honom Dag og Nott; hev han gjenom all sin Barndom og Ungdom lært aa elska Sanningi. Det er ein Veg, som Vaarherre læt honom ganga; - men han finn attende tilslut, helst dersom...dersom...” ho trivlad etter Ord og slog Augo ned. Presten skynad henne altfor væl, men bøygde av: ”dersom han ikkje forherdar seg.” No slog ho Augo upp. “Nei, Faer. Eg trur fyr visst, at han er ein ærleg Mann, som vil Sanning i, og slike stend det skal finna.” ”Ærlege Folk narrar ofte seg sjølve,” sagde Presten; - han var flat av aa høyra sine eigne Tankar att no av Dotteri. ”Ja,” sagde Ragna, og den underlege Smilen kom att; ”men dersom nokon prøvde paa i Livsens Lengd aa løysa honom ut av denne Sjølvdaaring, daa veit eg visst, at han kunde vinna fram!”
 
No nyttad det ikkje aa vrida seg fraa henne lenger. ”So du trur, stakkars Barn,” sagde Presten, ”at du skal kunna vera Frelsar-Engelen hans?”
(Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 25.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum